Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Etat for lokal utvikling

Kommuneplan for Klepp 2014-25 vart godkjent i kommunestyret 17. november 2014. Arbeidet med revisjon av kommuneplanen har gått føre seg i 3 år.
Det største kulturarrangementet i Klepp i 2014 var 100-årsjubileet for Nordsjøflyginga (Tryggve Gran-jubileet).

Organisasjonskart

Organisasjonskart Lokal utvikling 2014

Viktige vedtak

  • Kommuneplan 2014-25 (k-sak 56/14).
  • Av dei 10 vedtekne plansakene i år var områdeplan Tjøtta, områdeplan Orstad 12 og 18 samt områdeplan Sporafjell/Åna-Grude dei viktigaste.
  • Lånegaranti for frivillige lag og organisasjonar.
  • Ny brannstasjonsstruktur.
  • Lokal forskrift – friluftsområde Kleppelunden og Frøylandsvatnet.
  • Sentralidrettsanlegg - oppgradering.

Etaten samla

  • Resultat:
    • Gjennom året får vi både impulsive og meir gjennomtenkte. Tilbakemeldingar frå innbyggjarane, og hovudinntrykket er at folk flest er bra nøgde med tenestetilbodet.
    • Den juridiske kompetansen i etaten er styrka.
    • Etaten har hatt ei brutto ramme på 145 millionar kroner, med nettoforbruk på 74 millionar. Av dette gjekk 44 % til vedlikehald og reinhald av bygg og 23 % gjekk til kultur og bibliotek.

  • Utfordringar:
    • Sikra god kvalitet på tenestene til innbyggjarane gjennom bl.a. å vidareutvikle kompetansen i administrasjonen.

Kultur

  • Resultat:
    • Kulturavdelinga har gjennomført ei rekke arrangemet i regi 100-årsjubileet for Nordsjøflyginga.
    • Blant alle arrangementa i høve 200-årsjubileet for Grunnlova fekk Hallvar Nordås sitt foredrag Klepps historie på 222 minutt stor merksemd.
    • Sommarkultur 15. juni samla nær 7000 menneske.
    • To utlånsautomatar blei installert i biblioteket.
    • Frivilligsentralen har hatt 40 ulike aktivitetar, tiltak og prosjekt og 253 frivillige har delteke.
  • Utfordringar:
    • Bidra til gode oppvekstmiljø gjennom eit godt samarbeid med frivillig sektor.
    • Verdenslandsbyen Klepp – hausten 2015.
    • Kulturminneplan.
    • Kulturplan.
    • Bruk av gamlebygget Tu skule.

Arealforvalting og næring

  • Resultat:
    • Temaplan landbruk vart lagt fram til førstegongsbehandling hausten 2014. Det er elles behandla 4 bruksrasjonaliseringssaker og 14 konsesjonssaker.
    • Det er nå minimal ventetid for oppmålingstenester.
    • Klepp kommune har gitt stønad til forskjellige arrangement, blant anna Klepp 24.
    • Tilskot til næring er gitt blant anna til Norsk Landbruksrådgiving og publikasjonen Mitt Jæren.
    • Næringsavdelinga har gjennomført 8 bedriftsbesøk i lag med ordførar, rådmann og leiar for NAV Klepp.
    • Fortetting i bustadområder genererer merknader og klager til byggjesaksavdelinga. Retningslinjer for fortetting i eksisterande bustadområde er under utarbeiing.
    • Heradshuset felt 2 nærmar seg ferdig utbygd for 2 blokker, nærings- og parkeringsetasjar.
    • Hauabakka vest nærmar seg ferdig utbygd og blokkene er godt i gang.
    • På Bore Strand hotell er 6 hytter ferdig bygd.
    • Tekniske anlegg og veg fram til jernbanen er ferdig anlagd på Kverneland næringspark. 7 næringsbygg står ferdig oppført på feltet.
    • Vedtekne reguleringsplanar:
      • Områdeplan Orstad område 12 og 18 (k-sak 24/14)
      • Områdeplan Tjøtta (k-sak 67/14)
      • Områdeplan Sporafjell/Åna-Grude (k-sak 68/14)
      • Detaljplan Q-meieriet (k-sak 66/14)
      • Detaljplan rundkøyring fv44 og fv253, Øksnevad vgs (k-sak 10/14)
      • Detaljplan Turveg Frøylandsvatnet langs 8/20 (k-sak 11/14)
      • Detaljplan Riskjellvegen 1/Stasjonsvegen 5 (k-sak 41/14)
      • Detaljplan Eskervegen 1 – 5 Tjøtta nord (k-sak 42/14)
      • Detaljplan Kleppestemmen – endring felt 16-19 (k-sak 53/14)
      • Detaljplan fritidsbebyggelse Sele (k-sak 12/14)
  • Utfordringar:
    • Sentrumsutvikling med fokus på utnytting av meieritomta og nærliggjande areal, herunder ferdigstilling av kommunedelplan for Kleppe sentrum.
    • Fortetting i eksisterande bustadområde – jf regionalplanen sitt krav om at 50 % av andel nye bustader skal skje som fortetting eller transformasjon.
    • Utarbeide forslag til planstrategi for 2015-19.

Eigedom og infrastruktur

  • Resultat:
    • Forsyning av reint vatn er underlagt krav frå Mattilsynet. Det er brukt meir pengar enn budsjettert både på vatn, avløp og renovasjon, og desse områda har difor ”negative” fond ved årets utgang.
    • Sanering vassleidning Riskjell – Fjogstadvegen. Fleire vassbrot på strekninga siste åra.
    • Sanering vatn og avløp i Haugabakkavegen.
    • Det har vore 5 vassbrot totalt i kommunen.
    • Kloakkering Skas: 24 bygg blir kopla til kommunalt leidningsnett.
    • Klepp har lågast mengde restavfall pr. innbyggjar blant IVAR-kommunane, men forbetringspotensiale på glas og metall.
    • Gang- og sykkelveg langs Grødelandsvegen vart ferdigstilt i august.
    • Det er om lag 150 kommunalt eigde leikeplassar i kommunen. Det er føreteke kontroll av alle leikeplassane og kritiske utbetringar er føreteke.
    • Tu skule vart ferdigstilt og tatt i bruk i januar 2015.
    • På Engelsvoll skule er første byggetrinn ferdigstilt (67-bygget).
    • Bore gml.skule – ombygging til lokale for Eirik Raude Senteret 1.etg ferdigstilt.
    • Avlastning/barnebustader ferdig prosjektert frå arkitekt – byggestart utsett.
    • Orre barnehage anbud totalentreprise innlevert.
    • Utleigebustader Stasjonsvegen ferdigstilt.
    • SD-anlegg bygd ut på Myrsnibå barnehage, Steingarden barnehage, Storhaug barnehage og kyrkjekontoret.
    • Samla energiforbruk 2014 institusjonsbygg, adm., skule, bhg, idrett redusert med 1134 mWh. Dette er ein reduksjon på 7,7 % frå 2013 (obs mild vinter, ingen uføresette hendingar).
    • Orre skule – rehabilitert lokale for skulekjøkken.
    • Ombygging tidlegare barnebustad Kleppestemmen til flyktningebustadar; bufellesskap for fem, ein liten og ein større bustad.
    • Kommunen overtok drift, reinhald og vedlikehald av Myrsnibå barnehage frå 01.01.2014.
  • Utfordringar:
    • Stort vedlikehaldsetterslep på kommunen sin bygningsmasse.

Økonomisk resultat

Nøkkeltal