Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Etat for helse, sosial og omsorg

2014, eit år med organisatorisk omstilling og god økonomikontroll. Behov og muligheiter for framtida er forankra i ny strategiplan: Taktskifte. Dette skaper grunnlag for å kunna yta rette og framtidsretta tenester til innbyggjarane i handlingsperioden. 

Organisasjonskart

Organisasjonskart Helse, sosial og omsorg

Omsorg

  • Viktige vedtak.
    • Kutt i styrking av heimetenesta med kr 1 925 000.
    • Etablera færre aktivitetssenterplassar for demente, 10 i staden for 20.
    • Redusera miljøarbeidartenesta med kr 680 000, heilårsverknad.
    • Avgrensa innleie av vikarar og tilsettingskontroll på administrative stillingar.
    • Nytta sjukepleiarkompetanse på tvers av seksjonane for å unngå innleie av vikarbyrå.
  • Resultat
    • Med få unntak blir pasientar tatt imot, anten til institusjon eller heim, den dagen dei blir melde utskrivingsklare frå sjukehuset. Det er ikkje venteliste på institusjonsplassar.
    • Heimetenesta, institusjonar og aktivitetssenter samarbeider tett. Stort press på ei av tenestene vil påverke dei øvrige, og deltenestene avlastar kvarandre. Brukarar som får kvardagsrehabilitering, klarer seg utan eller med mindre hjelp enn tidlegare. Dette reduserer presset på øvrige tenester.
    • Miljøarbeidartenesta har gjort tilpassingar i turnus med kortare vakter i helg, utan at dette har gått nemneverdig ut over tenestetilbodet.
    • Bruk av felles personell mellom personalbasar og dagsenter må vidareførast, og det skal leggjast betre til rette for det i ny organisasjonsstruktur.
    • Leiarstillingar har stått vakante og ein har nøye vurdert behovet for innleie ved kvar einskild vakt.
    • Sjukepleiarkompetanse vert nytta mellom seksjonane. Dei ulike seksjonane har hatt bakvakt for kvarandre ved fråvær og i ferieavviklinga. Det er ikkje nytta vikarbyrå i 2014.
  • Utfordringar
    • Raskare utskriving frå sjukehuset og meir avansert medisinsk behandling må følgjast opp i heim og institusjon. Institusjonstenesta får auka kostnader til medikament og medisinske forbruksvarer.
    • Pasientar i institusjonane har hyppigare kontrollar og oppfølging i spesialisthelsetenesta. Dette gir auka kostnader for institusjonane når det gjeld brukarbetaling og transportutgifter.
    • Stadig fleire som søker tenestene våre har behov for samansette og godt koordinerte tenester. Tenesteytarane må samhandla godt, og etablera gode strukturar som legg til rette for det.
    • Det er behov for institusjonsplassar øyremerka eldre personar med psykiske lidingar, noko vi ikkje har i dag.

Helse og sosial

  • Viktige vedtak.
    • Redusera utgifter ved å utsetta tilsettingar, avgrensa innleie av vikarar og halda stillingar vakante delar av året.
    • Frå 01.01.2014 slå sosialtenesta saman med psykisk helseteneste for å utvikla ein heilskapleg arbeidsmodell med tverrfaglege team. Målet er auka kvalitet og effektivitet.
    • Styrking av koordinerande eining med 60 % årsverk.
    • Samarbeidet med Time kommune om Lyefjell avlastingsbustad blei avvikla.
    • Denne tenesta blei lagd inn i Klepp sin eigen avlastings- og barnebustad og flytta frå Kleppestemmen til Sirkelen i påvente av bygging av ny avlastingsbustad.
    • Statleg styrking av barneverntenesta med 1 årsverk i 2013, oppstart i 2014.
    • Statleg styrking av helsestasjonstenesta med 1 årsverk til helsesyster og 1 årsverk til psykolog.
    • Ny driftsform av Frisklivs- og meistringssenteret, går vekk frå vertskommunemodell og legg ned den felles koordinatorstillinga.
    • Legane ved det kommunale legesenteret Kleppetunet starta frå årsskifte 2014/2015 som private i nye lokale.
  • Resultat
    • Mindreforbruk av lønn på til saman 1,8 mill.
    • Meirforbruk på kjøp av tenester, dette skuldast bl.a. kjøp av statlege barneverntenester.
    • Brukarane av psykisk helse og sosiale tenester opplever meir heilskaplege og målretta tenester. Vedtaka blir nå gitt for kortare og meir intensive behandlingsperiodar.
    • Betre oversikt over tenestebehovet til innbyggarar med funksjonsnedsettingar og meir heilskapleg vurdering i tildeling av tenester.
    • Drifta av barne og avlastningsbustad i Sirkelen er kome godt i gang. Lokala er godt eigna til avlasting, men passar ikkje like godt til drift av barnebustad.
    • Barneverntenesta har opna 255 nye undersøkingar, ein auke på 15 % frå året før. Pålagde fristar er overhaldne i om lag 84 % av undersøkingssakene.
    • Etablering av eigne tiltakskuratorstillingar i barnevernet, slik at 1,5 årsverk nå går til rådgjeving og rettleiing av foreldre.
    • Det er tilført til saman 1nytt årsverk til helsesystertenesta på barneskulane. Betre tenester til barn med psykiske vanskar er eit løft for det førebyggande arbeidet, og von om tidlegare oppdaging og tidlegare tiltak for barn i risiko.
    • Fått auka fokus og innsats på førebygging og helsefremjing gjennom frisklivsarbeidet, bla kurs om mat, diabetes, røykeslutt og auka treningstilbod.
    • Sandnes legevakt har ansvar for telefon for daglegevakta, noko som før låg til det kommunale legesenteret.
  • Utfordringar
    • Framleis spara lønnsutgifter.
    • Kommunen treng gode, tilrettelagde butilbod til ei handfull brukarar som har store utfordringar når det gjeld buevne. Det er utfordrande både å finna eigna bustader, og få på plass dei rette tenestene.
    • Stort press på plassar i avlastingsbustad.
    • Det statlege barnevernet reduserer tenestetilbodet og det blir viktig å få på plass det interkommunale samarbeidet på barnevernområdet saman med Time og Hå.
    • Avklara ansvarsforholdet mellom skule og helsetenester omkring barn med spesielle utfordringar.
    • Å styrka organiseringa av flyktningearbeidet.
    • Avklara framtidig legevaktssamarbeid.
    • Psykososialt team i Klepp har ingen beredskapsordning utanom arbeidstid.
    • Tilstrekkelege ressursar/øyremerka stilling for å følga opp ny lov om folkehelse der kommunane har fått meir ansvar og nye oppgåver.

NAV

  • Viktige vedtak.
    • Omdisponering av midlar som tidligare er disponert til sosialhjelp, til ny stilling i NAV. Målet var å sjå om meir ressursar til oppfølging kunne bidra til reduksjon i utbetaling.
    • Reduksjon av ytingar på sosialhjelp som ikkje er lovpålagde.
  • Resultat
    • NAV Klepp fekk som ein av få kommunar, reduksjon i utbetaling av sosialhjelp i 2014. Mykje av dette kan knyttast direkte til auka fokus på saksbehandling og tettare oppfølging av brukarane.
    • NAV blir opplevd strengare av brukarar og samarbeidspartar. Det er auka fokus på alternative løysingar enn sosialhjelp.
  • Utfordringar
    • Aktivitetsplikt på sosialhjelp blir mest sannsynleg vedtatt i Stortinget i mars 2015. Korleis dette skal handterast i Klepp, må avklarast før sommaren 2015.
    • Klepp har relativt mange ungdommar som fell utanfor ordinært arbeidsliv, og dei fleste kjem innom NAV.
    • Auke i arbeidsløyse knytt til nedkjøling i oljerelatert økonomi.
    • Klepp har relativt stor gruppe av arbeidarar frå EØS-land, hovudsakleg Polen og Litauen. Fleire av desse har dårlege språkkunnskapar. Dersom dei fell ut av arbeidslivet, slit dei ofte med å koma inn att.
    • Ein god del av flyktningane kommunen mottek, klarer ikkje å koma seg ut i arbeid eller utdanning i løpet av introduksjonsperioden på to år. For mange av desse blir passive mottakarar av sosialhjelp på NAV.

Økonomisk resultat

Nøkkeltal