Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Verd å sjå

Friluftsområde

Øksnavad

På nedre Øksnavad er det opparbeidd ein flott tursti gjennom skog, kulturlandskap og ved Figgjoelva. Langs stien kan du studera dyrelivet i Øksnavadtjørna frå fugletårn, ta ein kikk på korleis jærbuen budde i steinalderen og ta ein matpause på rasteplass ved Figgjoelva.

Stein er lagt til rette av Øksnavad vidaregående skole. Parkering på skulen sitt område. Delar av stien eignar seg ikkje for sykkel, barnevogn og rullestol.

Frøylandsvatnet

Aust i kommunen ligg Frøylandsvatnet. Langs vatnet er det på Kleppsida bygt omlag 7 km turveg. Vegen går gjennom eit variert landskap, frå ope, jærsk beitelandskap til tett granskog. Området langs vatnet har ein frodig vegetasjon og eit rikt fugleliv.

I delar av vatnet er det fritt fiske med stang, sjå oppslagstavler.

Turen langs vatnet, kortare eller lengre etappar, er godt eigna for alle befolkningsgrupper heile året. Er det ønskjeleg med ein lenger tur kan ein gå eller sykla rundt vatnet. Turen blir då om lag 2 mil lang. Turen kan starta fleire plassar langs vatnet, men det er best lagt til rette for parkering ved Klepp stasjon. Du kan også lett koma til området med tog.

Kleppelunden og Kleppevarden

"Loen" ligg som ein lun oase i den opne jærnaturen. Sørvendte lier gir ein svært tidleg vår, med blømande kusymre og vårkål saman med utplanta laukvekster.

Kleppelunden er godt tilrettelagt med turveg og lysløyp for alle grupper. Parkering ved inngangen til området. Toalettanlegg og scene i området. Vil ein forlenga turen kan ein gå over Hålandsfjellet eller opp på Kleppevarden. Begge toppane er gode utsiktspunkt over Jæren. Frå Kleppevarden har ein storslått utsyn over Jæren og mot fjella i aust. Kleppevarden blei utnemnt til "tusenårsplassen" i Klepp.

Salteskogen

Dei ytre områda av kommunen er opne og vindutsette. På verharde dagar kan ein tur i Salteskogen gi ein pause frå vinden. Orrebuen har på dugnad bygt om lag 2 km turveg med lys i den tette planteskogen. Parkering ved fv 257 på nordsida av skogen.

Kalbergskogen

På Orstad, i grensa mot Time kommune, ligg Kalbergskogen. I skogen er det opparbeidd fleire turvegtrasear, hovudsakeleg i Time. Delar av turvegen er tilgjengeleg med barnevogn og sykkel.

Strandområda

Heile kyststripa i Klepp frå grensa mot Sola i nord til grensa mot Hå i sør er framifrå turmål. Her kan du variera mellom rullesteinstrand og sandstrand. Områda inneheld eit særmerkt plante- og dyreliv. Ein skal difor ferdast med varsemd og i størst mogleg grad halda seg på strandflata og unngå dei sårbare sanddyneområda. Strandområda er i liten grad lagt til rette for funksjonshemma.

Sele, frå hengebrua over Figgjoelva til kommunegrensa mot Sola, kan du gå langs rullesteinstrand og sjå ut mot Feistein fyr og storhavet. God parkering ved Sele hamn (Tangarstø).

Sandstranda på Bore er ei av dei flottaste i landet. På varme sommardagar er det eit yrande liv av badande og solhungrige på stranda. Vinterstid er det surfarane som leiker seg i bølgjene. Parkering er skilta.

Mellom sandstrendene på Bore og Orre ligg Reve. Strandsona er her dominert av ein markert strandvoll og vekslande sand- og rullesteinstrand. Området er kjent for sitt rike fugleliv. Avgrensa parkering i Reve hamn.

Orrestranda er den lengste sandstranda i Norge. Sanden, lyset og vegetasjonen har gort Orrestranda til eit av dei mest besøkte turmåla i Jærregionen. I bakdynelandskapet har Jæren Friluftsråd bygt "Friluftshuset". Her er det utstilling frå jærnaturen i flotte lokale. Det er toalett og sal av mat. Parkering ved Friluftshuset.

Kyststripa mellom Skeie og Vik er mindre brukt til friluftsliv. Likevel har strekningar kvalitetar som er verd ein tur. Rikt fugleliv og rullesteinstrand mellom dyrka mark og hav gir området ein særeigen karakter.

Sykkelturar

Nordsjøsykkelvegen

Nordsjølanda har gått saman om ein samanhengande sykkelveg gjennom landa. Ein bit av denne går gjennom Klepp. Frå Hå grense på fv 507 går sykkelvegen på austsida av Orrevatnet. Sykkelvegen går vidare forbi Bore bru langs fv 510 til Sola grense. Sykkelvegen er merka.

Frøylandsvatnet rundt

Frøylandsvatnet rundt er ein fin tur på sykkel gjennom vekslande landskap. Alternativt kan ein sykla frå Orstad i nord til Tu og tilbake på Postvegen. Postvegen er ein gamal ferdselsveg og frå denne har du vidt utsyn både over jærlandskapet.

Fleire kulturminne ligg langs vegen. Ta gjerne turen innom Tinghaug og Krosshaug. Her får du innføring i Klepp si eldre historie og eit flott utsy over kommunen.