Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Verdensrommet

Verdensrommet

Frivilligsentralen og Klepp bibliotek samarbeider om eit prosjekt kalla «Verdensrommet». Prosjektet har som mål å legga til rette for digital deltaking for seniorar. 
 
Gjennom prosjektet vil me presentera digitale møterom for seniorar i Klepp, og motivera dei til å aktivt ta i bruk digitale møteplassar, og visa korleis ein kan vera sosial på nye måtar. For å førebygga einsemd ønsker me at fleire eldre som bur heime skal bli meir aktive gjennom sosiale fellesskap på digitale møteplassar. Prosjektet vil legga til rette for gode tekniske løysingar og gjere dei tilgjengelege og forståelege. Dette vil me gjera gjennom å skapa tilrettelagte aktivitetstilbod med variert innhald i digitale møterom.   

Prosjektet vi også sjå på korleis ulike aktørar som bibliotek, senior nettkafé, pensjonistlag m.m. kan dela sine samlingar digitalt, slik at ein når ut til fleire. Dei digitale møteplassane er tilgjengelege frå eigen stove, og ein trenge ikkje vere avhengig av transport for å delta. Me ønsker å visa at ein gjennom å delta på tematreff får kunnskap om korleis det er mogleg å bruka digitale løysingar. Dette er erfaringar og vaner som ein tar med seg videre i alderdommen og som vil bidra til ein kan oppretthalde sosiale nettverk via digitale løysingar når helsa sett fysiske avgrensingar. Prosjektet fremjar god helse gjennom å gi dei eldre ferdigheiter til å delta på ulike samlingar og arrangement via nettet.   

Prosjektet “Verdensrommet” vil vi også gjere eldre, både heimebuande og dei som bur i institusjon, i stand til å s strømming av lokale arrangement som gudstenestegravferd, foredrag, konsertar mm. Dette kan organiserast som felles arrangement på institusjon eller enkeltvis på rommet til bebuar og heimebuandeMe vil ta utgangspunkt i det utstyret institusjonane og deltakaren har. Me vil strømma ulike arrangement i etterkant kan ein til dømes stilla spørsmål til foredragshaldaren og delta i ein samtale sjølv om ein ikkje er fysisk til stades. 

Prosjektet startar opp med aktivitetar våren 2021

Bengt Sjøthun Ellingsen, prosjektleiar  

E-postbengt.sjothun.ellingsen@klepp.kommune.no

Tlf: 95027720,