Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Symjehall

Klepphallen

Offentleg bading i Klepphallen, Stasjonsvegen 26 A, 4352 Kleppe.

 Litt om symjehallen

Grunna pandemien er det innført timesbading og satt eit tak på antall besøkande.
På familiebading kan det selgast inntil 20 billettar til hovudbassenget og 8 billettar til barnebassenget, på vaksenbading kan det selgast inntil 18 billettar.

Du må kjøpa enkeltbillett. Klippekort eller firmakort kan dessverre ikkje brukast. Klippekort ein har kjøpt før symjehallen stengde i mars 2020, kan igjen brukast når hallen går tilbake til ordinær drift.

Bestill billettar her

Opningstider

Familiebading  
Tysdag kl. 16.00 - 19.00
Torsdag kl. 16.00 - 19.00
Fredag kl. 18.00 - 20.00
Laurdag kl. 12.00 - 17.00
Sundag kl. 12.00 - 17.00
Vaksenbading  
Tysdag kl. 19.00 - 21.00
Onsdag kl. 20.00 - 21.00
Torsdag kl. 19.00 - 21.00
Damebading  
Onsdag kl. 19.00 - 20.00
Oss over 60  
Måndag kl. 14.00 - 15.30

Fasilitetar

Symjehallen har eit 25 meters basseng med vatntemperatur på 28 °C.  Det er 1,10 m på grunna og 3,80 m på djupna. Stupeanlegg med 1 og 3 m sviktstup og 5 m stupetårn. Barnebasseng 33 °C. Badstua er stengt inntil vidare.

Lurer du fortsatt på noko?

Kor mykje kostar det?
Alle billettar kostar kr 40 uansett om du er barn, vaksen eller pensjonist.

Kan eg avbestilla billettane?
Nei, dessverre.

Kan eg stå på venteliste dersom det ikkje er ledige billettar?
Nei, me har ingen ordning for venteliste.

Korleis kan eg bruka ledsagerbevis når eg må bestillar billettar?
Den som har ledsagerbevis kjøper ordinær billett (Kroner 40,-). Ledsageren kjøper ledsagerbillett (Kroner 0,-). Ledsagerbevis må fremvises i billettluken.

Kva om eg treng hjelp?
Ring til Klepphallen på tlf 948 18 661, eller spør dei ansatte i hallen.

 

Nedre aldersgrense for å besøke kommunens symjehallar utan følge av føresette er 10 år eller gå i 5. klasse.

 

 

Terapibasseng 

Ved tildeling av tid er grupper med helsemessige behov prioritert.

Søknadsskjema 

Søknad kan sendast på e-post: postmottak@klepp.kommune.no eller med post til: Klepp kommune, postmottak 25, 4358 Kleppe, merk med "søknad terapibasseng"

 

Sirkelen

Besøksadresse:

Olav Hålands veg 8
4352 Kleppe

Telefon: 51429800