Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Spelemidlar

Kven kan søka

Kommunar, idrettslag og samanslutningar kan søka om spelemidlar til:

• nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett.

Anleggseigar har plikt til å halde anlegget ope for allmenn idrettsleg verksemd i 30 år frå anlegget er ferdig.

Føresetnaden for å gje tilskot til rehabilitering av eldre anlegg, er at tiltaket gir betre tilhøve for idrettsutøving og at trongen for rehabilitering ikkje skuldast mangelfull planlegging, feil drift eller dårleg vedlikehald.

• nærmiljøanlegg

Med nærmiljøanlegg blir meint utandørsanlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, hovudsakeleg i tilknyting til bu- og/eller opphaldsområde. Reine reidskapslekeplassar (sandkassar, husker, sklier, vipper, klatrehus osv.) faller utanfor ordninga. Anleggseigar har plikt til å halde anlegget ope i 20 år frå anlegget er ferdig.

Rettleiing

Søknadsskjema, bestemmelsar, informasjonsmateriell og skjema for kostnadsoverslag, driftsplan og rekneskap kan hentast på kulturdepartementet si nettside.

 

Spelemiddelsøknad

Alle bør ta kontakt med kommunen før ein sender inn skjemaet.  

Gå til spelemiddelsøknad

 

Oddvar B. Høyland, idrettskonsulent:

E-post: oddvar.b.hoyland@klepp.kommune.no

Tlf: 95764977