Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Momskompensasjon for frivillege lag og foreningar

Om momskompensasjonsordninga

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om å få kompensert kostnadar til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenesta. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Momskompensasjonsordninga omfattar eit vidt spekter av frivillige aktivitetar. Basert på søkjars aktivitetskategoriar i Frivilligheitsregisteret kan Lotteri- og stiftelsestilsynet få eit bilete av kva type aktivitetar som blir utført blant organisasjonar som mottar momskompensasjon.

Mange som ikkje søkjer

Erfaring frå tidlegare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. 

Underledd

Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september kvart år. 

Sentralledd har tidlegare frist

Merk at sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Må vere registrert i Frivilligheitsregisteret

Alle mottakarar av mva. kompensasjon må vere registrert i Frivilligheitsregisteret innan 1. september. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. 

 

Hugs at registrering kan ta litt tid.