Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Kulturstipend

10.0 KULTURSTIPEND

10.1 Klepp kommune kan kvart år dele ut kulturstipend. Stipendet kan søkjast av personar som i yrke eller fritid driv verksemd innan det utvida kulturområdet i Klepp. Stipendet kan delast ut til leiarar i frivillige lag som ønskjer å utvikle seg eller henta inspirasjon.

10.2 Stipendet blir lyst ut, etter sommaren og søknadene skal sendast kommunen innan 1. oktober. Det politiske organet som har ansvar for kultursaker avgjer kven som skal få stipend.

10.3 Den som søkjer om kulturstipend skal, utanom å gje opplysningar om vanlege personalia, orientere om føremålet med stipendet, og opplysa om korleis stipendet er tenkt nytta.

10.4 Stipendiaten skal, innan 4 veker etter at stipendet er brukt, gje ein skriftleg rapport til hovudutvalet om korleis stipendet er nytta. Stipendet må takast i bruk innan 12 månader etter tildelinga. I særlege høve kan ein søkje om utsetjing.

10.5 Dersom stipendet ikkje blir nytta, eller grunnlaget for tildelinga fell bort, kan det politiske organet som har ansvar for kultursaker dra stipendet inn att. Stipendet skal då betalast tilbake til kommunen straks.

10.6 Søkjarar som ikkje har mottatt stipend tidlegare vil normalt bli prioriterte foran
andre.

Søkjarar til kulturstipend sender inn eigenformulert søknad til kommunen via postmottak@klepp.kommune.no.