Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Kulturminne

Nokre av kulturminna i Klepp kommune:

 

Steinstjerna på Sele

Stjerna på Sele - også kalla Dødssjødno - har nok vore ei grav frå siste del av eldre jernalder (ca. 300-600 e.Kr.) i følgje Arkeologisk Museum. Dei trekanta gravene er blant dei sjeldne. Steinstjerna er 0,5 meter høg, bygd av rullestein. Dei tre spissane i stjerna måler omlag ti meter ut frå sentrum. Stjerna blei betydeleg restaurert i 1935. Ho er ikkje utgraven, men på grunn av den særprega forma er det grunn til å tru at det var ein viktig person som blei gravlagd her. Atkomst frå Rv 510 ved Longholskrossen og vidare på Fv 245 (Selevegen). Ta av til Rindavegen og køyr vegen til endes. Stjerna ligg like sørvest for den siste garden, med fin utsikt over sjøen. skilt fortel meir om stjerna og dei andre gravene som ligg i nærleiken. 

Tangarhaug

Haugen er sannsynleg kasta opp over ein bonde i bronsealdaren (1500-500 f.Kr.) Haugen er fem meter høg og 26 meter i diameter. På toppen av haugen stod det tidlegare ein steinkross. I dag står det eit sjømerke der. Ein pinsett i bronse frå yngre bronsealder samt brente bein blei funne i ei lita hellekiste i toppen av haugen. Parkering til plassen er i Sele hamn.

Tinghaug/Krosshaug/Dysjane

Tinghaugområdet er rikt på fornminne. Atkomst og parkering på det høgste punktet i Postvegen. Det er informasjonstavler fleire stader i terrenget som er skilta med "kringle". 

- Krosshaug har namnet sitt etter ein strinkross som blei skamfert under ei St. Hansfeiring i 1855. Krossen blei restaurert i 1937 med ein ny rygg til dei gamle delane. Sjølve haugen er ein gravhaug frå ca. 450 e.Kr. Det steinsette kammeret ligg i dagen og syner korleis grava var. Leivningane som er funne syner at det var ei rik kvinne som låg gravlagd der. Haugen er rasert gjennom tidene. Under 2. verdkrig blei det gjort forsøk på å byggje ein forsvarspost på haugen. Dette blei stoppa, men ein kan framleis sjå eit bølgeblikk forma tak i noko som var meint som eit krypinn. 

- Dysjane ligg like nord for Krosshaug. Dette er restane etter 16 hustufter rundt eit ovalt tun med 8 gravhaugar. Samlinga av hus kan ha vore husvære til mange familiar, ein liten landsby med felles forsvar mot ytre fiendar. Området var i bruk frå Kristi fødsel og blei forlate ca. 400 e. Kr, i byrjinga av folkevandringstida. 

- Tinghaug har vore ein tingplass i eldre tid. På sørvestsida er det funne 16 gullbrikker som blir omtala som "gullgubbane". I heile Norden er det funne til saman 100 slike "gubbar". Brikkene er ca. 1x1 cm og har hamra inn to gudebilete. Truleg har brikkene noko med fruktbarhetsritual å gjere og det er truleg bilete av dei norrøne gudane Frøy og Gerd. 

- Grønhaug er namnet på haugen som ligg nordaust for Tinghaug med ein bautastein reist på toppen. Den har meisla i runer: "Lorange 1879". Lorange var leiar av dei arkeologiske utgravingane på Tinghaug. Gravhaugen ved parkeringsplassen blei utgreven i 1886. Funn syner at dette var ei kvinnegrav frå ca. 200 e. Kr. Bautasteinen stod tidlegare på Tu og blei flytt hit i nyare tid. 

Orre gamle Kyrkje

Mellom Orrevatnet og sjøen, ved Orreelva og Rv 507 ligg kyrkja frå midten av 1200-talet. Kyrkja er det eldste bygget i Klepp. Frå først av var det ei lita steinkyrkje utan tårn. Murane var ca. ein meter tjukke. Byggmeistrane var sannsynlegvis frå England. Kyrkja blei ombygd på 1600-talet, med tårn i tre i 1649 og våpenhus i 1663. Vesentlege restaurerings- og vedlikehaldsarbeid blei utført i 1977 og 1982. Kyrkja var soknekyrkje heilt fram til 1950, då den nye kyrkja blie innvia på Pollestad. Utanfor kyrkja ligg det ein minnestein med plate og innskrift: "Her fikk fem franske sjøfolk sin grav da skonnerten La Blanche Margerite forliste 26. september 1853. Mellom kyrkja og Orreelva står det ein minnestein over diktaren Aleksander L. Kielland. Han ferierte mykje på Orre.