Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Krafttak for sang

”SYNGENDE KOMMUNER” – PROSJEKTDELTAKING - PILOTKOMMUNE

Klepp kommune har etter søknad fått status som pilotkommune i prosjektet ”Syngende kommuner” under «Krafttak for sang 2015. ”Krafttak for sang” er ei samanslutning av ei rekke nasjonale musikkorganisasjonar. Klepp kommune er ein av totalt 14 pilotkommunar i 2015. I tillegg kjem andre kommunar som starta opp som pilotkommunar i 2014.

”Krafttak for song” har intensjon om at prosjektet held fram i 2016, men er avhengig av bevilgningar over statsbudsjettet. Dei kommunane som deltar i prosjektsamarbeidet i 2015 er kommunar som vel å ha song som satsingsområde. Alle kommunale etatar og det frivillige musikklivet skal involverast. Målet er å gje alle innbyggarane høve til både å få delta aktivt i song og til å få oppleva song i ulike samanhengar.

Stønadsbeløpet til deltakarkommunane i 2015 er kr 50.000. Det blir ikkje stilt krav om økonomisk eigenandel.

Hovudsatsinga vert på song for barn og unge, eldreomsorga, inkludering, helse og lokalsamfunn. Ein siktar på å involvera etablerte song/musikkorganisasjonar og andre lokale song-ressursar og få til minst 4 songtiltak innanfor satsingsområda for prosjektet. 

Kultursjef og kulturskulerektor er ansvarlege for prosjektet og deler på oppgåvene. Arbeids/koordineringsgruppa for prosjektet vil byggja på eksisterande arbeidsgruppe for ”Den kulturelle skolesekken”. 

Rådmannen meiner at dette er eit positivt kulturprosjekt som kan skapa giv for lokalt song og musikkliv, for utvikling av song som kulturelt uttrykk og sosialt bindemiddel. Prosjektet vil kunne vera ei god konkretisering av intensjonane i kulturlova, knytast opp mot målsettingane for folkehelsearbeidet og bidra til auka samarbeid mellom kommune og frivillige song- og musikkmiljø i kommune til det beste for innbyggjarane. 

Prosjektet er politisk forankra i hovudutval for skule og barnehage (28.05.15) og i hovudutval for lokal utvikling (26.05.15) 

Kontaktpersonar 

- Kultursjef Ulf Ludvigsen tlf 99444829
- Rektor, kulturskulen: Jan Bekkum, tlf 992 92 105 

For meir informasjon: www.krafttakforsang.no