Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Tilskot eliteidrett

Kap 2.1.8 i Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp kommune:

Tilskot eliteidrett              

Kommunen kan kvart år øyremerka eigne tilskot til eliteidrett.

For lagidrett er eliteidrett å forstå som deltaking i øvste divisjon i serie-systemet, og for individuelle idrettar som deltaking på nasjonalt toppnivå i seniorklasse. 

Tildeling til eliteidrett blir vurdert etter skjønn. Viktige kriterier for tildeling kan vera: talet på eliteutøvarar, kostnad/ profesjonalitet, kva betyding lag/utøvar har for lokalmiljøet m.m.

Søkjarar må vera tilslutta ein landsomfattande idrettsleg organisasjon.

Før sak om tildeling blir avgjort, blir Klepp idrettsråd gitt høve til å uttale seg om framlegget til fordeling.

Søkjarar til eliteidrettstilskotet sender inn eigenformulert søknad til kommunen via postmottak@klepp.kommune.no