Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Kommunal påskjønning

13.0 KOMMUNAL PÅSKJØNNING – KULTURPRESTASJONAR

13.1 Kommunal påskjønning kan bli gitt til einskildpersonar eller lag som har vunne offisielle niorgesmeisterskap, eller har teke medalje i Nordisk, EM, VM eller OL. Påskjønning gjeld junior (året ein fyller 16), senior og veteranar. Aldersbestemte klassar yngre enn junior kjem ikkje inn under ordninga.

13.2 Kommunal påskjønning kan ein gje til einskildpersonar eller lag som har oppnådd anerkjenning for offisielle nasjonale/ internasjonale, allmennkulturelle prestasjonar nasjonalt/ internasjonalt.

13.3 Individuelle utøvarar får påskjønning frå den kommunen der deltakaren bur, sjølv om deltakaren representerer eit lag som er registrert i ein annan kommune. Når eit lag skal ha påskjønning får alle deltakarane påskjønning i den kommunen der laget er registrert.

13.4 Dersom det kan vera tvil om ein kulturprestasjon er av ein slik karakter at han bør bli påskjønna, blir saka avgjort av ordføraren og leiaren av hovudutval for lokal utvikling.

13.5 Ved årsskifte blir det arrangert eit samkome for å heidra og dele ut dei kommunale påskjønningane. Kommunen kan og sende blomar straks etter at prestasjonen er utført.