Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Frivillegpris

10.1     
Frivilligprisen kan delast ut kvart år eller når styret for Klepp frivilligsentral gjer vedtak om slik tildeling.

10.2     
Føremålet med prisen er å synleggjera frivillig arbeid i Klepp kommune og å inspirera til frivillig innsats.

10.3     
Frivilligprisen kan delast ut til ein person, ei lokal foreining eller ei gruppe som har utmerka seg med frivillig, ubetalt innsats, engasjement, initiativ og pågangsmot til beste for enkeltpersonar, grupper eller samfunnet.

10.4     
Styret kunngjer ordninga med frivilligpris seinast 3 veker før fristen går ut. Frist for å koma med framlegg om kandidatar til frivilligprisen er 1. oktober.

10.5     
Alle innbyggjarar i Klepp kan koma med framlegg om kandidatar til frivilligprisen.

10.6     
Framlegg om kandidatur skal setjast fram skriftleg og grunngjevast.

10.7     
Styret avgjer tildeling av frivilligpris og står fritt til å velje prismottakarar som ikkje er foreslått.

10.8     
Frivilligprisen blir delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff, 1 januar.

10.9     
Frivilligprisen består av eit diplom og eit verk/ arbeid av ein lokal kunstnar.