Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Jakt og fiske

Jegerprøveeksamen

Før det blir jakta skal det avleggast eit jegerprøvekurs og ein jegerprøveeksamen. Kurset vert halde hjå eit jeger- og fiskelag, kursstad.

Jegerprøveeksamen kan du ta hjå kommunen, det er berre å ringje og bestille tid etter gjennomført jegerprøvekurs.

Eksamensdatoar våren 2021.

29. april kl 14.00

20. mai kl 13.30

Jakt på småvilt og fugl

Retten til jakt høyrer til grunneigar i Naturreservat og fuglefredningsområde er det ikkje tillate å jakte. Ta kontakt med grunneigar for løyve til jakt.

Jakttid for dei ulike artane finn du her.

Jakt på rådyr

Jakt kan bare finna stad innanfor eit godkjent jaktvald (jaktområde). Kommunen skal godkjenna jaktvalda. Minste areal for godkjenning er 500 dekar. 

Frist for å sende inn endring av vald er 1. april.

Frist for å sende inn godkjenning av nytt vald er 1. mai.

Søknadsskjema for godkjenning av jaktvald

Forskrift for forvaltning av hjortevilt med forklaring

 

Det skal leverast inn kart over valdet, både ved endring og ved ny søknad. Kart finn du ved å klikke på den blå knappen under. Du kan legge til fleire eigedomar ved å klikke på Legg til i menylinja når du er inne i kartet.

Kart

 

Fellingsløyve vert sendt ut i midten av juni.

Fellingsrapport må sendast kommunen innan 8. januar.

Kommunen oppfordrar fleire vald til å slå seg saman, dette for å få eit større område og ei betre forvaltning av rådyrbestanden i området.

Fiske i sjø

I sjø er det fritt fiske. Ver merksam på at det er eigne reglar for fiske nær elveos.

Fiske i ferskvatn 

Rett til fiske i ferskvatn høyrer til grunneigar. Spør difor grunneigar før du starter fiske.

For fiske i Figgjoelva må du kjøpa fiskekort.

I Frøylandsvatnet kan du fiska fritt på enkelte strekningar, sjå informasjonstavler ved vatnet.