Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Informasjon til lag og foreiningar 2020


INFORMASJON TIL KULTUR – OG FRITIDSORGANISASJONAR –TILSKOT M.M. 2020 

Registrerte frivillige lag og organisasjoner som driv kultur- og fritidsaktivitet i Klepp kommune, kan søkja om tilskot til drift og andre føremål 

For 2020 er det i budsjettet sett av slike summar til fordeling: 

Tilskotsordningar med søknadsfrist 1. mars:

Driftstilskot lagsarbeid

361.000

 

Driftstilskot musikk

172.000

 

Driftstilskot idrett

667.000

 

Vedlikehald idrettsanlegg

1.335.000

 

Tilskot private idrettshallar

550.000

 

Tilskotsordningar med

Tilskot eliteidrett

søknadsfrist 1. oktober:

112.000

 

Tilskot nyanlegg idrett

1.770.000

 

Tilskot nyanlegg lagsverksemd

1.190.000

 

 

TOTALT                                6.157.000

 

 

       

Klepp kommune har eigne retningslinjer for tilskot til lag og organisasjonar m.m. Retningslinjene finn du her

Utanom tilskotsordningar omfattar retningslinjene bl.a. ordningar som:

  • Kulturpris
  • Frivilligpris
  • Kulturstipend
  • Byggeskikkpris
  • Tilskot til ledsagar på ferietur for personar med funksjonsnedsetjing m.m.

Dei mest brukte søknadsskjemaene for støtte til kulturarbeid finnest no i elektronisk utgåve på nettsida. Det gjeld skjema for driftstilskot, vedlikehald av idrettsanlegg og nyanlegg (investeringar i kulturanlegg). Alle skjema ligg tilgjengeleg på kommunen si heimeside. 

Til søknadsskjemaene

Vel deretter aktuelt skjema.

Det er utarbeidd eigne søknadsskjema for dei fleste tilskotspostane, unntatt for tilskot (private) idrettshaller og tilskot eliteidrett. (Idrettslag med eigne hallar treng ikkje søkja særleg om tilskot til dette, då budsjetterte midlar til dette føremålet blir delt likt mellom dei aktuelle laga).

 

Søknadsskjema for driftstilskot blir nytta anten ein har medlemskontingent eller ikkje.

Hovudlag søkjer om tilskot for alle underliggjande grupper.

 

Lag som held til i hus med fleire grupper eller organisasjonar, sender inn søknad saman med dei grupper som er knytt til same organisasjon. Jfr. Pkt. 1.2 og 1.3.2 i retningslinjene. Dette gjeld særleg for fleiridrettslaga, meinigheit/ kyrkjelyd og bedehus.

I søknadar om driftstilskot kan ein person berre reknast med og førast opp ein gong, dersom vedkomande er med i fleire grupper innan same organisasjon.

På kommunen sine nettsider ligg det også eit lag- og foreiningsregister. Her ønskjer me at det skal finnast oppdatert og aktuell informasjon om ALLE registrerte lag og foreiningar i Klepp. Det er mogleg for samlege foreiningar og lag å logga seg inn i registeret, slik at de sjølvekan leggja inn og redigera informasjonen som ligg der.

 

PS: I følge personverndirektivet (GDPR) må det liggje ei aktiv godkjenning til grunn for å kunne behandle personvernopplysningar. Me treng difor eit svar frå dykk innan 1. mars 2020 som visar at de godkjenner at dei opplysingane som ligg i registeret om foreininga kan ligge ope for alle å søkja på nettet, og at kommunen kan bruke kontaktopplysningane til å sende ut informasjon som gjeld frivillig organisasjonsarbeid (som søknadsfristar for tilskot) med meir. Dei som ikkje har gitt ei godkjenning innan fristen, vil bli fjerna frå registeret.

Melding kan sendast til kulturavdelinga ved kultur- og fritidskonsulent, Tone Michelle Rønningsen:tmr@klepp.kommune.no

Føremålet med lag- og foreiningsregisteret er :

  • Å gje god informasjon til innbyggjarane om kva som finnest av kultur- og fritidstilbod i kommunen.
  • Å gjera det lettare for innbyggjarane å finna fram til rett organisasjon/ rett aktivitet.
  • Å bidra til god rekruttering til laga og god informasjon mellom organisasjonane og innbyggjarane.

 

Me ber dykk alle om å sjekka om opplysningane som ligg ute er korrekte og om det er desse opplysningane de ønskjer skal liggja ute om laget.

Klepp kommune kan gje utstyr, materiale, maling m.m. til leikeplassar.

Søknadsfrist er 1. april.

Søknadsskjema finn du her

Vellag som har inngått avtale med kommunen om vedlikehald av leikeområde blir prioritert ved opprusting, og ved tildeling av utstyr, maling og materialer. Tildeling blir elles vurdert etter behov, og utifrå dei midlane som er avsett i budsjettet.

Søknad blir å senda til: postmottak@klepp.kommune.no

Eventuelle spørsmål kan rettast til:

Frode Heigre, tlf. 930 55 777, frode.heigre@klepp.kommune.no

Statuttane for Klepp kommune sin kulturpris finn de under Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp kommune. Frist for å kome med framlegg om kandidatar er 1. oktober. Det er Hovudutval for Lokal Utvikling som avgjer kven som får kulturprisen. Normalt blir det avgjort på møte i hovudutvalet i november månad. Kulturprisen blir delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff 1. nyttårsdag.

Statuttane for Klepp kommune sin frivilligpris finn de under Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp kommune. Frist for å kome med framlegg om kandidatar er 1. oktober. Det er styret for klepp Frivilligsentral som avgjer kven som får frivilligprisen, som blei utdelt for første gang i 2018. Frivilligprisen blir, som kulturprisen, delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff 1. nyttårsdag.

Kulturstipend kan søkjast av personar med tilknyting til Klepp som i yrke eller fritid driv verksemd innan det utvida kulturområdet i Klepp.

Idrettsstipend kan bli gitt både til profesjonelle og amatørar. Søkjarar må vera i aldersgruppa 15 -25 år, utøvande på nasjonalt eller internasjonalt nivå på sitt område og anten vera busette eller folkeregister-registrert i Klepp kommune, eller representera eit idrettslag i Klepp.

Søknadsfristen for begge stipenda er 1. oktober.

Meir informasjon i Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp kommune.

Klepp kommune har vedtekne reglar for påskjønning av kulturprestasjonar. (Jfr. Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp kommune). Som mange av dykk veit, blir det delt ut kommunale påskjønningar under ordføraren sitt nyttårstreff i rådhuset 1. nyttårsdag kvart år.

For at me skal kunne gje påskjønning til aktuelle personar, så er det viktig at laga legg inn i sine rutinar at det må meldast frå til kommunen om slike kultur- og idrettsprestasjonar. Nytt for 2020 er at det no ligg eit elektronisk meldeskjema på kommunen si heimeside, kor ein enkelt kan melde inn aktuelle kandidatar fortlaupande.

Til meldeskjema

Krava er gull i NM, eller medaljeplass i Nordisk, EM og VM. Nedre aldersgrense for påskjønning er det året ein utøvar fyller 16 år. Kandidatar blir heidra på ordføraren sitt nyttårstreff, 1. januar 2020.

Organisasjonen FRILAGER har ansvar for utleige av kommunen sitt friluftsutstyr m.m.

kanoar, surfebrett, lavvuar/ telt og anna utstyr til organisasjoner, skuleklassar og grupper. Friluftsutstyyret kan og må bookast online. Meir informasjon og skjema for bestilling av friluftsutstyr: www.frilager.no. Merk at ein også kan velje Nettlager under Lokalasjoner og vidare velje Klepp som hentestad.

Fullmånekonsertane blir arrangerte kvar fullmånekveld. Me har høge besøkstal og ofte er det ventelister til konsertar med artistar frå inn- og utland. Ein kan få kjøpt billettar på nett via TicketCo, eller førehandsreservera: tlf. 51 42 98 00 / SMS til tlf 404 36 248. Plakaten blir sendt ut til lag og organisasjonar med eigne hus. Me set pris på om det kan hengja opp plakaten på stader der den er lett synleg for publikum.

 

KULTUR står óg bak ei rekke andre arrangement og tilstelningar på biblioteket, ungdomskultursenteret Axis, Frivilligsentralen og mykje anna. Aktuelle arrangement blir gjort kjente bl.a. gjennom annonsering i Jærbladet, på kommunen si heimeside, via plakatar og på avdelinga sine Facebooksider: Klepp bibliotek (Jærbiblioteka) Ungdomskultursenteret Axis, Fullmånekveldane og Klepp Frivilligsentral. Her finn de aktuell informasjon om ulike tilbod.

Veldrivne lag er ofte kjenneteikna av god informasjonsflyt. Me oppmodar derfor deg som mottar dette brevet om å informera styret, tillitspersonar, komitear og medlemmer om innhaldet, sørgje for at laget går nøye gjennom vedlagt informasjon, sikra at aktuelle søknader med vedlegg blir sendt inn i tide, samt hengja opp aktuell informasjon på oppslagstavlar og andre stader.

 

Har de spørsmål om noko av det som er nemnt her, eller om anna, så ta gjerne kontakt med oss i kulturavdelinga. Me ønskjer laget lukke til med arbeidet i 2020!