Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Informasjon til lag og foreiningar 2019


INFORMASJON TIL KULTUR – OG FRITIDSORGANISASJONAR –TILSKOT M.M. 2018 

Tilskotssummar

Registrerte frivillige lag og organisasjoner som driv kultur- og fritidsaktivitet i Klepp kommune, kan søkja om tilskot til drift og andre føremål 

For 2019 er det i budsjettet sett av slike summar til fordeling: 

Tilskotsordningar med søknadsfrist 1. mars:

Driftstilskot lagsarbeid

361.000

 

Driftstilskot musikk

172.000

 

Driftstilskot idrett

667.000

 

Vedlikehald idrettsanlegg

1.335.000

 

Tilskot private idrettshallar

550.000

 

Tilskotsordningar med

Tilskot eliteidrett

søknadsfrist 1. oktober:

112.000

 

Tilskot nyanlegg idrett

1.000.000

 

Tilskot nyanlegg lagsverksemd

460.000

 

 

TOTALT                                4.657.000

 

 

       

Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp

Klepp kommune har eigne retningslinjer for tilskot til lag og organisasjonar m.m. Retningslinjene finn de på nettsidene til Klepp kommune: www.klepp.kommune.no.

På nettsida: Vel fana Kultur, fritid og bibliotek og gå vidare inn på Tilskot.

Dokumentet heiter: Retningslinjer for støtte til kulturarbeid

Utanom tilskotsordningar omfatter retningslinjene bl.a. ordningar som:

  •  Kulturpris
  •  Kulturstipend
  •  Byggeskikkpris
  •  Tilskot til ledsagar på ferietur for personar med funksjonsnedsetjing m.m. 

Søknadsskjema

Dei mest brukte søknadsskjemaene for støtte til kulturarbeid finnest no i elektronisk utgåve på nettsida. Det gjeld skjema for driftstilskot, vedlikehald av idrettsanlegg og nyanlegg (investeringar i kulturanlegg). Alle skjema ligg tilgjengeleg på kommunen si heimeside.

Du finn dei her:

www.klepp.kommune.no. / Vel Kultur, fritid og bibliotek i venstremenyen./ Vel ”Tilskot”./

Vel deretter aktuelt skjema.

Det er utarbeidd eigne søknadsskjema for dei fleste tilskotspostane, unntatt for tilskot (private) idrettshaller og tilskot eliteidrett. (Idrettslag med eigne hallar treng ikkje søkja særleg om tilskot til dette, då budsjetterte midlar til dette føremålet blir delt likt mellom dei aktuelle laga).

Søknadsskjema for driftstilskot blir nytta anten ein har medlemskontingent eller ikkje.

Hovudlag søkjer om tilskot for alle underliggjande grupper.

Lag som held til i hus med fleire grupper eller organisasjonar, sender inn søknad saman med dei grupper som er tilknytta same organisasjon. Jfr. Pkt. 1.2 og 1.3.2 i retningslinjene. Dette gjeld særleg for fleiridrettslaga, menighet/ kyrkjelyd og bedehus.

I søknadar om driftstilskot kan ein person berre reknast med og førast opp ein gong, dersom vedkomande er med i fleire grupper innan same organisasjon.

Lag og foreiningsregister – oppdatering

På kommunen sine nettsider ligg det og eit lag- og foreiningsregister. Her ønskjer me at det skal finnast oppdatert og aktuell informasjon om ALLE registrerte lag og foreningar i Klepp.

PS: Det er mogleg for samtlige foreiningar og lag å logga seg inn i registeret, slik at de sjølve kan leggja inn og redigera informasjonen som ligg der.

Føremålet med lag- og foreiningsregisteret er :

  •  Å gje god informasjon til innbyggjarane om kva som finnest av kultur- og fritidstilbod i kommunen.
  •  Å gjera det lettare for innbyggjarane å finna fram til rett organisasjon/ rett aktivitet.
  •  Å bidra til god rekruttering til laga og god informasjon mellom organisasjonane og innbyggjarane.

Me ber dykk alle om å sjekka om opplysningane som ligg ute er korrekte og om det er desse opplysningane de ønskjer skal liggja ute om laget.

Søknad om utstyr og materiale til leikeområde

Klepp kommune kan gje utstyr, materiale, maling m.m. til leikeplassar.

Søknadsfrist er 1. april.

Søknadsskjema ligg under kultur, fritid og bibliotek. Klikk på tilskot og vel Utstyr og materialer til leikeområde.

Vellag som har inngått avtale med kommunen om vedlikehald av leikeområde blir prioritert ved opprustning, og ved tildeling av utstyr, maling og materialer. Tildeling blir elles vurdert etter behov, og utfrå dei midlane som er avsett i budsjettet.

Søknad blir å senda til:  postmottak@klepp.kommune.no

Eventuelle spørsmål kan rettast til:

Frode Heigre, tlf. 930 55 777, frode.heigre@klepp.kommune.no

Kulturpris

Statuttane for Klepp kommune sin kulturpris finn de under Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp kommune. Frist for å kome med framlegg om kandidatar er 1. oktober. Det er Hovudutval for Lokal Utvikling som avgjer kven som får kulturprisen. Normalt blir det avgjort på møte i hovudutvalet i november månad. Kulturprisen blir delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff 1. nyttårsdag.

Frivilligpris

Statuttane for Klepp kommune sin frivilligpris finn de under Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp kommune. Frist for å kome med framlegg om kandidatar er 1. oktober. Det er styret for klepp Frivilligsentral som avgjer kven som får frivilligprisen, som blei utdelt for første gang i 2018. Frivilligprisen blir, som kulturprisen, delt ut på ordføraren sitt nyttårstreff 1. nyttårsdag.

Kulturstipend og idrettsstipend

Kulturstipend kan søkjast av personar med tilknytning til Klepp som i yrke eller fritid driv verksemd innan det utvida kulturområdet i Klepp.

Idrettsstipend kan bli gitt både til profesjonelle og amatører. Søkjarar må vera i aldersgruppa 15 -25 år, utøvande på nasjonalt eller internasjonalt nivå på sitt område og anten vera busette eller folkeregister-registrert i Klepp kommune, eller representera eit idrettslag i Klepp.

Søknadsfristen for begge stipenda er 1. oktober.

Meir informasjon i Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp kommune.

Kommunal påskjønning av kulturprestasjonar

Klepp kommune har vedtekne reglar for påskjønning av kulturprestasjonar. ( Jfr. Retningslinjer for støtte til kulturarbeid i Klepp kommune). Som mange av dykk veit, blir det delt ut kommunale påskjønningar under ordføraren sitt nyttårstreff i rådhuset 1. nyttårsdag kvart år.

For at me skal kunne gje påskjønning til aktuelle personar, så er det viktig at laga legg inn i sine rutinar at det må meldast frå til kommunen om slike kultur- (og idretts-) prestasjonar.

Krava er gull i NM, eller medaljeplass i Nordisk, EM og VM. Nedre aldersgrense for påskjønning er det året ein utøvar fyller 16 år. Kandidatar blir heidra på ordføraren sitt nyttårstreff, 1. januar 2020.

Me ber laga gje kommunen melding når lag eller enkeltpersonar har utmerka seg innan idrett og andre kulturområde. Melding kan sendast til kulturavdelinga ved idrettskonsulent, Oddvar Høyland: oddvar.b.hoyland@klepp.kommune.no

Friluftsutstyr

Frivilligsentralen har i ei årrekkje hatt ansvaret for å leige ut kommunen sitt friluftsutstyr m.m. kanoar, surfebrett, lavvuar/ telt og anna utstyr til organisasjoner, skuleklassar og grupper.  Me har no inngått avtale med organisasjonen FRILAGER, som frå i år av har ansvaret for utleige. Friluftsutstyyret kan og må nå bookast online. Meir in formasjon og skjema for bestilling av friluftsutstyr: www.frilager.no  

Arrangement

Kulturavdelinga står bak ei rekke arrangement av ulike slag gjennom året. Blant dei største arrangementa er:

Kleppeloen (tidlegare; Sommarkultur)

Dato for Kleppeloen-arrangementet vil bli fastsatt om kort tid. Tidspunkt blir ein sundag i juni. Me ønskjer samarbeid med aktuelle lag og organisasjonar om aktivitetar til arrangementet. Ta gjerne kontakt for nærare informasjon eller for å drøfte aktuelle idear.

Fullmånekonsertar 2019

Fullmånekonsertane blir arrangerte kvar fullmånekveld. Me har høge besøkstal og ofte er det ventelister til konsertar med artistar frå inn- og utland. Førehandsreservasjon av billettar: SMS til tlf 404 36 248. Plakaten blir sendt ut til lag og organisasjonar med eigne hus. Me set pris på om det kan hengja opp plakaten på stader der den er lett synleg for publikum. Billettsystem for konsertane vil om kort tid og liggja føre.

I tillegg står KULTUR bak ei rekke andre arrangement og tilstelningar på biblioteket, ungdomskultursenteret Axis, Frivilligsentralen og mykje anna. Aktuelle arrangement blir gjort kjente bl.a. gjennom annonsering i Jærbladet, på kommunen si heimeside, via plakatar og på avdelinga sine Facebooksider: Klepp bibliotek (Jærbiblioteka) Ungdomskultursenteret Axis, Fullmånekveldane og Klepp Frivilligsentral. Her finn de aktuell informasjon om ulike tilbod.

Og elles . . . .

Veldrivne lag er ofte kjenneteikna av god informasjonsflyt. Me oppmoder derfor deg som mottar dette brevet om å informera styret, tillitspersonar, komitear og medlemmer om innhaldet, sørgje for at laget går nøye gjennom vedlagt informasjon, sikra at aktuelle søknader med vedlegg blir sendt inn i tide, samt hengja opp aktuell informasjon på oppslagstavlar og andre stader.

Har de spørsmål angåeande denne informasjonen så ta gjerne kontakt med oss i kulturavdelinga!