Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Idrettsstipend

11.0  IDRETTSSTIPEND

11.1      Klepp kommune kan kvart år dele ut idrettsstipend. Stipendiet kan bli gitt både til profesjonelle og amatører. 

11.2      Søkjarar må vera:

  • i aldersgruppa 15 -25 år
  • utøvande på nasjonalt eller internasjonalt nivå på sitt område.     
  • Busett eller folkeregister-registrert i Klepp kommune, eller representera eit idrettslag i Klepp.  

11.3      a) Stipendiet kan nyttast til utstyr, deltaking i treningssamlingar, konkurransar m.m. som tar sikte på å utvikla søkaren sitt talent, prestasjonar og/eller auka søkaren sin kompetanse innan sin idrett.

b) I søknaden må ein oppgje føremålet med stipendet. Søknaden må begrunnast og trenings-konkurranseopplegget må skisserast konkret.

c) I prinsippet blir det ikkje gitt stipend til grunn- og vidareutdanning, eller til kurs som har forbetra lønnsnivå som føremål.

11.4      Søkjarar som ikkje har mottatt kommunalt stipend tidlegare vil normalt bli prioriterte.

11.5      Stipendet blir lyst ut etter sommaren og søknadene skal sendast kommunen innan 1. oktober. Det politiske organet som har ansvar for kultursaker avgjer kven som skal få stipend.

11.6      a) Mottakar av idrettsstipend skal, innan 4 veker etter at stipendet er brukt, gje ein skriftleg rapport til hovudutvalet om korleis stipendet er nytta.

b) Stipendet må takast i bruk innan 12 månader etter tildelinga. I særlege høve kan ein søkje om utsetjing.

c) Dersom stipendet ikkje blir nytta, eller grunnlaget for tildelinga fell bort, kan det poltiske organet som har ansvar for kultursaker dra stipendet inn att. Stipendet skal då straks betalast tilbake til kommunen.

11.7     Klepp Idrettsrådet skal ha høve til å uttale seg om tildeling av idrettstipend før hovudutvalet fattar endeleg vedtak.

Eigenformulert søknad kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no.