Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing for eldre. I hovedsak skal midlane nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå. Det er eit ønske at eldre i Klepp skal få oppleva varierte og gode kunst- og kulturtilbod. Tiltak for eldre, som av ein eller annan grunn ikkje får nytta det generelle kulturtilbodet, skal prioriterast.  

Kulturarrangement for eldre finn stad på dei ulike sjukeheimane i kommunen, i tillegg til andre aktuelle kulturscenar. 

Spaserstokktilbodet har i 2020 vore satt på pause på grunn av dei nasjonale restriksjonane og krav om smittevern i samband med koronaepidemien. Alle tilbod i Spaserstokkprogrammet vurderast etter gjeldande råd og føringar. 

For artistar og utøvarar

Kulturavdelinga søker utøvera og program innan ulike sjangra, og er i hovedsak intertessert i tilbod med eit tema eller spissa konsept. Programmet for den Kulturelle spaserstokken i Klepp blir satt opp for heile år om gongen, og planlegginga skjer om hausten.

Er du musikar, skodespelar, foredragshaldar, eller utdanna innan andre kunst- og kulturfag, og har eit program som kan passa for Den kulturelle spaserstokken? Ta kontakt med kulturavdelinga.

Tone Michelle Rønningsen, Kultur- og fritidskonsulent

Tlf: 404 36 248

E-post: tmr@klepp.kommune.no