Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Tur på Jærstrendene

Generelt

Klepp har nokre av dei finaste og lengste sandstrendene i landet. På Bore og Orrestranda myldrar det av liv på varme sommardagar. Kontrastane er store ved jærhavet.

Du kan ta ein tur på stranda ein haustdag med storm og havet i opprør, eller oppleva ei kveldstund med flammande solnedgang, eit stille blått hav, ein horisont i det uendelege.

Bading og vannsport

Strendene har god tilhøve for friluftsbad, men hugs at det kan vere sterke understraumar.

Strendene blir også mykje brukt til vannsportaktivitet. Sidan strendene er verna som landskapsvernområde, gjeld eigne reglar for surfing og annan vannsport. Sjå forskrift om vern av Jærstrendene landskapsvernområde §3 B 6 d).