Verktøykassa

Her kan du lesa om: - døme på organisering av FAU, oppgåver for klassekontaktar og årsplan for FAU

INFORMASJON OM FAU

DØME PÅ ORGANISERING AV FAU:

Ein måte å organisera FAU på er inndeling i underkomitear

Heim- skule komité: arrangerer temamøte og foreldremøte, ansvar for kampanjar t.d. for refleks og sykkelhjelmar.

Festkomité: ansvar for alle festar. Eksempel på dette: juletrefest, nyttårsball og tilstellingar på 17. mai.

Opplæringskomité: ansvar for informasjonsmateriell til foreldra til nye førsteklassingar. Opplæring av klassekontaktar og nye FAU representantar.

 

DØME PÅ OPPGÅVER FOR KLASSEKONTAKTAR:

Representera foreldra til elevane i ein klasse.

Samarbeida med lærarane i klassen, spesielt klassestyraren.

Vera bindeledd mellom FAU og foreldra.

Utfordringar for klassekontaktane:

  • Klassemiljøet - prøva å utvikla eit miljø der ein tek felles ansvar for tryggleik og trivsel
  • Nærmiljøet - leikeområde, trafikk, fritidstilbod.
  • Klasseforeldremøte.
  • Samarbeid: rettar og plikter. Les kva opplæringslova seier om dette.

 

 

DØME PÅ ÅRSPLAN FOR FAU:

 

FAU ved Krossen skule - årsplan 20xx Oppdatert xx.xx.20xx

 

Oppgåve Ansvar Frist Kommentar - Status
Innspel til skulen sin verksemds- og strategiplan AM 1.10.

Diskusjon på FAU-møte 3.10.

AK, SB og AM førebur

Arrangera to inspirerande og engasjerande foreldremøte kor minst 60 foreldre deltek SK og UG

5.10.

20.3

SK ansvarleg for haustmøtet, UG for haustmøtet.

"Skulevurdering - elevvurdering og lærarvurdering" er foreslått som eitt tema. SA på opplæringskontoret aktuell som innleiar til diskusjon.

Vurdera dei faste FAU-arrangementa (grautfesten og haust/vår-møtet.

Foreslå endringar/forbetringar

AM 20.5

Forslag skal vera klare for avgjerd og gjennomføring av FAU kommande skuleår.

Klassekontaktane sørgjer for innspel frå foreldre/elevar, UG forhøyrer seg om meininga til rektor og lærarar.

Handsaming av forslag til skulen sin verksemds- og strategiplan AM 1.11

Diskusjon på FAU-møte 4.11

Rektor orienterer om utkastet

Omlegging av riksveg 44 forbi skulen.

Følgja opp og påverka slik at det vert teke omsyn til trygg skuleveg i planlegginga

GB Tilpassa planane frå veg-kontoret

Uttale om reguleringsplanen må skrivast før 8.10.

Informasjon til Aftenbladet og Jærbladet. Evt vurdera aksjonar saman med elevrådet. Saka vert følgd opp i FAU-møta framover

Arrangera Grautfest GS + 2.kl 5.1 Det har vore sviktande oppslutning om dette arrangementet dei siste åra.

Noko å tenkja på:

  • Arbeider FAU på ein god måte med dei riktige sakene?
  • Har FAU laga ein plan for aktivitetane?
  • Er FAU involvert i arbeidet på skulen, eller kjem dei bere med synspunkt?
  • Er FAU ein bidragsytar eller eit klagekor?
  • Er FAU ein premissgivar for arbeidet ved skulen eller ein høyringsinstans?