Litt informasjon om kulturløypene

 Dei fleste av dykk har nok fått nyss i at Vamp har gratiskonsert i Loen klokken 1500, men i timane før dette har me mange ulike aktivitetar det er verd å få med seg. Kulturstiane tek til klokka 12 og ein kan her velgja to ulike løyper. Me startar med den eine som byrjar i Øvregård/Stamsædgarden og ned grusvegen mot Skjelbeid. Langs stien gjennom skogen foregår det forskjellige kunst- og kulturaktivitetar. Vidare over gjerdeklyvar og ut på kjelva til dei Håland, og ruta tek deg over nok ein gjerdeklyvar slik at du ender opp ved kikkerten i Kleppeloen. Her kan ein ikkje ta feil, ein følgjar stien mot loen via artister og andre skapninger, følgjar lyden og kosar seg på tur. Vel framme i loen er det sal av mat, aktivitetar og godt drøs med kjente og ukjente.

 Den andre løypa er litt lettare og litt kortare. Den startar ved Kleppheimen med fargar og song, tek deg vidare opp mot kyrkja til Åse Marie Nesses minnesmerke. Gå via Kleppevarden og opp til tusenårsplassen, her vil vera ein kjenning som spelar og andre som driv ablegøyer. Frå her følgjar du stien til du kjem ned i Loen.

 Me vonar at flest mogleg vil gå desse stiane. Me lovar innslag av det meste, og me trur det vil verta både høneskinn, latter og nye opplevingar på turen. Husk konsert med Vamp klokka 1500 ved scena i Loen.

 Oversiktskart

  

Arrangør: Klepp kommune og SR-bank Klepp