Val av bokmål

Melding må sendast skulen seinast 1. mars det året barnet tek til på skulen

Nynorsk er innført som målform i alle krinsane i Klepp kommune.

Om målform i skulen seier Opplæringslova § 2-5: "Når minst ti elevar på eitt av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe".

Utdanningsdirektoratet uttalar i Rundskriv 11/05 at organiseringa i eiga målgruppe som hovudregel skal gjelda i skriftlege fag og i fag med stor grad av skriftleg arbeid. I andre samanhenger kan desse elevane blandast med andre elevar. Det avgjerande er at føremålet opplæring i anna hovudmål vert ivareteke. Dersom dei føresette samtykker, kan skulen gjera avvik frå hovudregelen.

Melding om dei føresette sitt målval må sendast skulen seinast 1. mars det året barnet tek til på skulen.

Dersom skulen ikkje har elevgrunnlag for å oppretta bokmålsgrupper (minst 10 elevar på eitt årssteg), kan elevane få tilbod ved ein annan skule i kommunen. Jfr. Opplæringslova § 2-5.