Utlånsreglement

FELLES LÅNEREGLEMENT FOR BIBLIOTEKA I KLEPP, SOLA OG TIME

Det er gratis å låna på biblioteket. Ha alltid med lånekortet.

For å få lånekort må du visa godkjent legitimasjon og skriva under på at du godtek reglementet.

Dersom du er yngre enn 15 år må du ha underskrift av ein føresett for å få lånekort.

Du kan få nasjonalt lånekort som kan brukast i dei fleste biblioteka i Noreg.

Du er ansvarleg for alt som vert lånt på ditt kort. Meld tap av kort. Erstatning av tapt kort kostar kr 20.

Du er ansvarleg for å melda adresseendring og endring av annan kontaktinformasjon som e-post eller mobilnummer.

Normal lånetid er 4 veker. Film og dataspel 1 veke, tidsskrift 2 veker, språkkurs 8 veker.

Populære bøker kan ha kortare lånetid. Rett lånetid står på kvitteringa.

Lånetida kan som regel forlengast, anten via "Meg & Mitt" på heimesida til biblioteket eller ved å ta kontakt med biblioteket.

Du kan bestilla og henta materiale ved kva bibliotek du vil, bortsett frå nytt materiale med lang venteliste. Det må hentast hjå eigarbiblioteket.

Dersom biblioteket du besøkjer ikkje har materialet du ønskjer, kan det som regel lånast inn frå andre bibliotek.

Dersom du registrerer e-post eller mobil kan du få gratis varsel før forfall.

For sein innlevering kan føra til purregebyr: 1. purring kr 20, 2. purring kr 30, erstatningskrav kr 50 (totalt kr 100).

Tapt eller skadd materiale må erstattast. Biblioteket er ikkje ansvarleg for eventuelle skader på avspelingsutstyr eller liknande.

Misbruk av bibliotektenestene kan føra til tap av lånerett.

Bibliotektilsette har teieplikt. Opplysningar om kva du har lånt vert sletta frå kontoen din ved innlevering. Dersom låna er purra, vert tittelen likevel teken vare på til purringa er betalt. Utover dette lagrar biblioteket berre statistiske data. Du kan be om å verta sletta frå vårt register når som helst dersom du er fri for lån og gjeld. Lånarar som ikkje har vore aktive dei tre siste åra vert sletta frå registeret.

Biblioteksjefen i Sola er behandlingsansvarlig for personopplysningane i lånarregisteret.


Gebyr ved for sein innlevering:
Kr. 20,- ved første purring.
Kr. 30,- ved andre purring.
Kr. 50,- gebyr ved erstatningskrav