Ungdom

                                  Axis Ungdomskultursenter

Axis er eit fritidstilbod til ungdom mellom 13 og 17 år, der dei kan kome og få nye interesser, treffe nye og gamle vener, eller bare ha det kjekt med jamnaldrande.

Me har eit stort lokale, til dømes eit bandøvingsrom dersom du driv med musikk, diskotek der dansegruppar kan kome og øve, stort oppholdsrom med kiosk, og eit stort spelerom med blant anna biljardbord, bordtennisbord, Playstation 3 og Xbox.  Me har og frisørrom og eit hobby- /kunstrom, der dei kreative kan få utfolda seg.

Tilbod om diverse kurs er og ein moglegheit på Axis.  Av kurs me har hatt, kan me nemna til dømes gitarkurs og dansekurs.  Tilboda er mange, og begrensningane få på Axis Ungdomskultursenter.

Axis skal vere ungdomsstyrt, difor har me og eit mannskap jobbande med oss.  Dei står og sel i kiosken, og styrar musikken i diskoteket.  Når du er i mannskapet får du kome med forslag til korleis kultursenteret skal drivast, og forme Axis til slik du vil ha det.

Tilbodet dei ulike dagane:
Måndag er jentekveld, tysdag vil vere ope for kun 8. klasse og 9. klasse,  onsdag foregår kurs og gruppeaktivitet, mens torsdagen blir uendra og er ope for alle ungdommar mellom 13 og 17 år.

 

Opningstidane vil vere som fylgjande:

Måndag 1700-2000

Tysdag   1500-2000

Onsdag  1500-2000

Torsdag 1800-2200


Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål;

Brit Wiig – dagleg leiar – 45605080 

Hanne - 47462657