Turistinformasjon

Ta ein tur til Klepp. Opplev det opne jærlandskapet og stemningar frå havet.

Nyttige lenker:Nordsjøvegen

   - Jæren friluftsråd
   - Jærmuseet
   - Nordsjøsykkelruta
   - Nordsjøvegen
   - Region Stavanger
 


Informasjon får du hos:
Klepp kommune, tlf 51429800 eller postmottak(a)klepp.kommune.no.
og
Krossen Kunst & Håndverk tlf 46782945
Kyrkjebakken 1 - Hattelandsgården
4352 Kleppe

Overnatting:
Jæren folkehøgskule tilbyr overnatting for grupper i sommarhalvåret.
 

Wiig-garden på Vik, gjesteleilighet, tlf 92612615/90511290

Bjørgs Bed & Breakfast på Vik, Orre, kontakt
Bjørg Sunde tlf 959 11 504.

Hytteutleige på Reve, kontakt Tore J. Refve tlf 51 42 01 48/901 74 699.

Ellers finn du hotell på Bryne, Sandnes, Sola, Stavanger og Randaberg.

Handel
Kleppe er kommunen sitt administrasjons-, service- og handelssenter. Ta ein tur til Jærhagen, eit av landets flottaste kjøpesenter.

Strendene
Klepp har dei finaste og lengste sandstrendene i landet. På Bore og Orrestranda myldrar det av liv på varme sommardagar. Kontrastane er store ved jærhavet.
Du kan ta ein tur på stranda ein haustdag med storm og havet i opprør, eller oppleva ei kveldstund med flammande solnedgang, eit stille blått hav, ein horisont i det uendelege.

Friluftshuset på Orre
I bakdynelandskapet på Orrestranda ligg friluftshuset.
Friluftshuset har ein flott og særprega arkitektur. Her er det utstilling frå jærnaturen i fine lokale og omgivnader.

Orre gamle kyrkje
Ved Orreelva og rv 507 ligg Orre gamle kyrkje. Kyrkja er det eldste bygget i Klepp og blei bygd på midten av 1200- talet.

Feistein fyr
Klikk på linken for meir informasjon om overnatting og dagsturar.

Kleppelunden og Kleppevarden
Kleppelunden ligg som ein oase i den opne Kleppnaturen. Sørvendte lier gir ein svært tidleg vår med blømande kusymre og vårkål. Kleppelunden er godt tilrettelagt med turvegnett og lysløype for alle grupper. Parkering ved inngangen til området.
Vil du forlengja turen kan du gå over Hålandsfjellet eller opp på Kleppevarden. Her har du
storslått utsyn over Jæren. Kleppevarden er ”tusenårsplassen” i Klepp. Parkering ved
innkjøringa til Kjengaren (v/Jæren folkehøgskule).

Øksnavad
På nedre del av Øksnavad er det opparbeidd ein flott tursti gjennom skog, kulturlandskap og ved Figgjoelva. Langs stien kan du studera dyrelivet i Øksnavadtjørna frå fugletårn, og  ta ein kikk på korleis jærbuen budde i steinalderen. Stien er lagt til rette av Øksnevad vidaregåande skole. Parkering på skulen sitt område.

Frøylandsvatnet
På Kleppsida er det opparbeidd turveg langs Frøylandsvatnet frå Orstad til Sandtangen i Time. Området langs vatnet har ein frodig vegetasjon og rikt fugleliv. Gode tilhøve for sportsfiske. Område med tillatt fiske er merka av på kart, sjå informasjonstavler ved vatnet.
Parkeringsplass ved Klepp st og på Orstad.

Tinghaug- Krosshaug – Dysjane
Tinghaugområdet er rikt på fornminne. Her ligg både Krosshaug, Dysjane og ca 20 gravhaugar. Tinghaug er ein gamal tingplass og det høgste punktet i Klepp.
Krosshaug ligg om lag 300 m vest for Tinghaug. Krosshaug inneheld ei kvinnegrav frå rundt
folkevandringstida som var svært rikt utrusta. På Krosshaug står det ein steinkross frå tida etter innføringa av kristendomen.
Dysjane ligg ved Krosshaug. Dette er eit ringforma tunanlegg der det har stått 17 – 18 hus. Parkeringsplass v/Postvegen.        

”Verd å sjå” er ein presentasjon av ulike turmål i Klepp, Time og Hå.