Tjøttaparken barnehage

Kunngjering av vedteken plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 14.02.2011, sak 3/11, vedteke reguleringsplan for barnehage Tjøtta med tilhøyrande bestemmelsar.

Melding om vedtak vart kunngjort i Jærbladet den 23.02.2011.

Forslag til plan med føresegner var lagt ut til offentleg ettersyn 06.12.2010-17.01.2011. Offentleg ettersyn vart varsla i annonse i avisa den 06.12.2010. Offentlege instansar, grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 03.12.2010.

Vedlagt ligg kopi av planen med bestemmelsar og kommunestyrevedtaket.

Kommunestyrevedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.

Plankart

Reguleringsbestemmelsar

Utskrift møtebok kommunestyret