Tilgjenge for alle

Time og Klepp kommunar har vore ressurskommunar i Regjeringa sin handlingsplan Norge universelt utformet 2025. Prosjektet er no avslutta og det er utarbeida ein rapport med erfaringar og eksempel frå fylke og kommunar som har vore med i tiltaket. Rapporten ser du her.

Rapporten inneheld mellom anna 3 lokale eksempel frå Time og Klepp kommunar og to frå Rogaland fylkeskommune.

Rogaland fylkeskommune har kartlagt mange offentlege bygg og uteområde i Rogaland. Informasjonen er lagt ut på nettsida www.tilgjengelighet.no. Her kan du finna informasjon om tilgjenge til mange turområde og offentlege bygg i kommunen.

Definisjonen på universell utforming finn vi i diskriminerings- og tilgjengelighetslova § 9: Med universell utforming menes utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene, herunder informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) slik at virksomhetens alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig.

Arbeidet med universell utforming vil framleis ha høgt fokus i både Time og Klepp kommune, og vil bli ivareteke både i overordna planarbeid, arealplanar og gjennom det ordinære tenesteapparatet i kommunane. Noreg ratifiserte 3. juni 2013 FN-konvensjonen om rettighetane til menneske med nedsatt funksjonsevne. Dette gir stat, fylke og kommunane ei plikt til å arbeida for eit meir tilgjengeleg samfunn.

Kontaktperson for arbeid med universell utforming i Time og Klepp er Anne Reidun Garpestad. E-post: anne.reidun.garpestad@time.kommune.no

På heimesida til Husbanken kan du sjå eksempel på gode løysingar. Gjeld mellom anna for inngangsparti, trapper og ramper, heis, uteområde og leikeplassar

Nyttig informasjon om universell utforming kan du og finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet, Deltasenteret og Miljøverndepartementet.

Oversikt over Tilgjenge for alle
Tittel Dato
Bustadseminar 15.10.09 16.09.2015 12:45
Frå barnevog til rullator 16.09.2015 12:45
Kommunestyre- og fylkestingsval 2007 16.09.2015 12:43
Ny diskriminerings- og tilgjengelighetslov 16.09.2015 12:43
Pris for god tilgjenge 2007 16.09.2015 12:44
Samling for pilotkommunar 25. og 26. sept 16.09.2015 12:45