Reguleringsplan for turveg langs Frøylandsvatnet ved gnr 8 bnr 20

Klepp kommune varslar oppstart av detaljregulering for Turveg langs Frøylandsvatnet ved gnr. 8, bnr. 20, PlanID 3440

Planarbeidet skal utgreie traséen for turvegen og nærare fastsette arealbruken. Planområdet er i kommuneplanen vist som ”LNFR - landbruks, natur- og friluftsformål” og nåverande byggjeområde ”bustadområde”. Heile planområdet ligg i omsynssone H 540 Grønstruktur.

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

Oversiktskart

For nærare opplysningar kontakt Klepp kommune, etat for lokal utvikling, tlf. 51 42 97 50.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til Hovudutval for lokal utvikling og Kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under ”politikk”/ ”aktuelle politiske saker” og ”Hovudutval for lokal utvikling”.