Reguleringsplan for Pollestadhagen

Kunngjering av vedteken plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 13.02.2012, sak 3/12, vedteke reguleringsplan for Pollestadhagen med tilhøyrande bestemmelsar.

Vedtaksdokument
Plankart
Bestemmelsar
Planbeskriving
Kommunestyrevedtak

Forslag til plan med føresegner var lagt ut til offentleg ettersyn 05.09 – 17.10.11. Offentleg ettersyn vart varsla i annonse i avisa den 05.09.11. Offentlege instansar, grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 29.08.11 og på kommunen si nettside.

Kommunestyrevedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.