PPT (pedagogisk-psykologisk teneste)

Klepp PPT har to hovudoppgåver:

1) Å utarbeide sakkunnig vurdering

Klepp PPT har ansvar for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering knytt til behov for spesialpedagogisk hjelp i førskulealder og behov for spesialundervisning i grunnskulen. Dette gjeld også for vaksne med behov for spesialundervisning på grunnskulen sitt område.

Klepp PPT utarbeider også sakkunnig vurdering i ein del andre høve, mellom anna knytt til:

  • tidlegare eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram i vidaregåande opplæring

2) Å jobbe med kompetanse- og organisasjonsutvikling

PPT skal hjelpe skulane i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Dette gjeld og for barnehagar som har barn som treng særskilt oppfølging.

PPT sitt systemarbeid går ut på rettleiing av personalet i barnehagar og skular når det gjeld førebygging, tilrettelegging av læringsmiljø, pedagogisk utviklingsarbeid og tilpassa hjelp/undervisning.

Målgruppe

-  Barn og unge i alderen 0-16 år som ikkje har eller som ikkje kan få eit tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

-  Vaksne med rett til spesialundervisning

 

Enkeltvedtak om spesialundervisning

PPT er kommunen sin rådgjevande instans, men det er Etat for skule og barnehage som skriv enkeltvedtak om rett til spesialundervisning. Du kan lese meir om kommunen si plikt til å skrive enkeltvedtak under regelverk

Regelverk

Opplæringslova kapittel 5 

 

Praktiske opplysninger

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år, samt vaksne, kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen/kommunen.

Det er ønskeleg at sakar blir drøfta med PPT før tilvising.

Tilvisingsskjema og pedagogisk rapport finn du HER.

Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Informasjon om PPT på 15 ulike språk

På Utdanningsdirektoratet si heimeside kan du lese generell informasjon om PPT på språka arabisk, engelsk, fransk, lulesamisk, nordsamisk, norsk, persisk, polsk, russisk, somalisk, sorani, sørsamisk, tyrkisk, urdu og vietnamesisk.

 

Kontaktinformasjon

Namn: Pedagogisk-psykologisk rådgivningskontor

Leiar: Trude Holmen - Trude.H.Holmen@klepp.kommune.no

Telefon: 51429800

Postadresse: Postboks 25, 4358 KLEPPE

Besøksadresse: Kleppetunet 2 etg., Olav hålands veg 2, 4352 KLEPPE

Andre tilsette:

Ped.psyk rådgjevar : Solveig J. Rangen - solveig.jatun.rangen@klepp.kommune.no

Ped.psyk rådgjevar : Øyvind Revheim - oyvind.revheim@klepp.kommune.no

Ped.psyk rådgjevar : Sigrid S. Nordberg - sigrid.schoning.nordberg@klepp.kommune.no

Ped.psyk rådgjevar : Ellen M Haugerud - ellen.margrethe.haugerud@klepp.kommune.no

Ped.psyk rådgjevar : Karoline Olaisen - karoline.olaisen@klepp.kommune.no

Ped.psyk rådgjevar : Gunn Karin Sunde - gunn.karin.sunde@klepp.kommune.no

Ped.psyk rådgjevar : Maren Solvang Hellestø - maren.solvang.hellestø@klepp.kommune.no

Ped.psyk rådgjevar : Tordis Fosse Lye (permisjon)