Omlegging av Salteskogvegen

Varsel om oppstart av planarbeid

Klepp kommune varslar oppstart av arbeid med omlegging av Salteskogvegen mot fv 258 Saltevegen. Planen blir utarbeidd som detaljplan.

Målet med planarbeidet er å legge om den kommunale Salteskogvegen frå eit punkt ca. 200 m vest frå dagens kryss med fv 258 Saltevegen. Det skal etablerast eit nytt kryss med Saltevegen ca. 90m lenger vest enn dagens kryss. Føremålet med omlegging er å auke avstanden for offentleg veg ifrå tunet for 33/14 og bustaden på 33/47.

I tillegg skal det regulerast ny privat veg for bustaden på 33/67 over marka til 33/3 fram til punktet kor Salteskogvegen skal over i ny trasé.

Andre eksisterande gardsvegar og utkøyringar til fv 258 skal ikkje rørast ved med unntak av stenginga av Saltevegen i dagens kryss.

Klepp kommune som ansvarleg planmyndigheit har kome fram til at dette planarbeidet ikkje kjem inn under under FOR 2009-06-26 nr 855: Forskrift om konsekvensutredninger

Vi gjer merksam på at det ikkje er utarbeidd forslag til reguleringsplan på dette stadiet. Forslag til reguleringsplan vil først bli utarbeidd etter at merknader er kome inn.

For nærare opplysningar kontakt Klepp kommune, etat for lokal utvikling, tlf. 51 42 97 50.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 06.04.2011.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte. Saksframlegg med vedlegg som skal til politisk behandling, vil bli lagt ut ei veke før møtet på www.klepp.kommune.no under ”politikk”/ ”sakspapir til Hovudutval for lokal utvikling”.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informert om planarbeidet.

Les meir om planen her:

Oversiktskart

Brev frå grunneigar

Kart frå grunneigar