Øksnevad vidaregåande skule

VEDTEKEN PLAN ØKSNEVAD VIDAREGÅANDE SKULE

I medhald av plan- og bygningslova §12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 09.05.2011, sak 23/11, vedteke reguleringsplan for Øksnevad Vidaregåande skule med tilhøyrande bestemmelsar.

Sakspapira med alle vedlegg finn du HER

Planforslaget med tilhøyrande føresegner har tidlegare vore lagt ut til offentleg ettersyn.

Vedtaket kan klagast på til fylkesmannen i Rogaland innan 3 veker frå dags dato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe eller postmottak@klepp.kommune.no. Om innhald i klagen vert det vist til § 32 i forvaltningslova.

Moglege krav om innløysing etter plan- og bygningslova § 15-2 eller krav om erstatning etter § 15-3 må setjast fram skriftleg innan 3 år frå dags dato.