Ny avfallsnorm for kommunane Klepp, Gjesdal og Hå

Det ble i Klepp kommunestyre 18/5 sak 26/10 vedtatt ny avfallsnorm som gjelder for kommunene Klepp, Gjesdal og Hå.

Vurdering

Kommunalteknisk avfallsnorm stiller krav om at ”Renovasjonsteknisk plan” skal ligge føre og vera godkjent før område- og detaljregulering og byggesak blir godkjent. Denne skal vera ein del av anna planlegging i alle relevante ledd i planprosessen, anten som eige plandokument eller teikna inn i andre plandokument.

Utarbeiding av renovasjonsteknisk plan skal dokumentere at avfalls- og renovasjonstekniske krav og løysingar er tilfredsstillande tatt i vare i høve til tryggleik, brann, trafikktryggleik, universell utforming og estetikk. Kommunen behandlar desse planane samtidig med reguleringssak og/byggesak.

Ved å planlegge for handtering av avfall, vil vi unngå planar der vegane ikkje er dimensjonerte for renovasjonsbil eller dei er utan tilstrekkeleg snuplass, planar der det ikkje er sett av areal til plassering av avfallsdunkar eller store nok avfallsrom, eller der avfallsdunkaneer plasserte slik at renovasjonsbilen ikkje kan tøme dei.