Næringsliv

Klepp kommune har eit solid og ekspansivt næringsliv.

Med 600 gardsbruk og høgt dyretal er Klepp den nest
største jordbrukskommunen i Rogaland, og ein av dei fremste i landet.

Industrien i kommunen har vakse fram i takt med utviklinga av jordbruket. Dei første landbruksmaskinfabrikkane vart etablert i slutten av forrige århundre. Kverneland ASA på Øksnevad er i dag den største produsenten av jordbruksreiskapar i verda.

Næringsmiddelindustrien står også sterkt. Klepp utgjer eit tyngdepunkt i Rogaland innan meierinæringa. Tine Meierier har meieridrift på Voll, Kleppe og Klepp st.

Plog (bilde)

Med basis i landbruksnæringa har det vakse fram fleire forskings- og forsøksstasjonar i kommunen. Vi kan nemna Planteforsk Særheim forskingsstasjon og Felleskjøpet forsøks/stamsædgard, GENO.

Innan kommunen sine grenser har vi fleire mekaniske verksemder som ligg i fremste rekkje når det gjeld kompetanse og teknologi. Øksnevad Næringspark er ein stor næringseigedom. Av andre større bedrifter kan vi nemna Kverneland Klepp AS, Block Berge Bygg AS, Øglænd System AS og Malm Orstad AS.

Jæren folkehøgskule og Øksnevad vidaregåande skole er lokalisert i Klepp.