Natur

Klepp (115 km²) ligg i eit slettelandskap med nokre få høgdedrag. Mildt kystklima og godt jordsmonn har gjort at mesteparten av
kommunen er omdanna til grøderikt jordbruksland.

Innslaga av natur finn ein for det meste ved sjøen og ved Figgjo- og Orrevassdraget. Innsjøane i desse vassdraga er grunne og næringsrike. Dette gir rike fiskebestander og eit fugleliv som er heilt utanom det vanlege.

Orrevatnet (8,1 km²) utgjer saman med Horpestadvatnet eit av dei mest kjende
våtmarksområda her i landet. Bare få andre stader er det registrert tilsvarande tal fugleartar. Vatna er viktig som hekke-, trekk- og overvintringslokalitet. Området inneheld også fleire sjeldne planteartar.
Vatna er verna etter naturlova.

Solnedgang over Bore (bilde)

Lonavatn, Øksnevatdtjern, Grudavatn og Alvevatn som ligg i Figgjovassdraget er mindre,
men har mange av dei same kvalitetene som Orrevatnet. Også desse er verna etter naturvernlova.

Kysten av Klepp manglar skjærgard og er derfor svært utsett for ver og vind. Kyststrekninga
vekslar mellom sand- og rullesteinsstrand. Dei lengste sandstrandområda finn ein på Orre og Bore. I dette landskapet finn ein ei rekkje særmerkte plante- og dyreslag.
Heile kyststrekninga er verna som landskapsvernområde.