Natteramn

Natteramnordninga starta opp i Klepp hausten 1998, og eksiterer fordi det finst vaksne som bryr seg og ikkje ønskjer at vald og kriminalitet skal få spreie seg.

Som natteramn er du verken vektar eller "minipoliti". Natteramnane er vaksne, edru menneske som er til stades ute der ungdom samlast på fredags- og laurdagskveldane. Der tek natteramnane kontakt med ungdom, som på si side like gjerne kontaktar natteramnane. Erfaringane viser at ungdom opplever det tryggare å vere ute når natteramnane er til stades. Når vaksne edru menneske er ute, verkar det dempande på fyll og bråk. Dessutan er det ein fin måte å treffe både ungdom og andre vaksne menneske på. 

Natteramn ordninga er organisert slik at kvar klasse på ungdomstrinnet får tildelt ei helg kvar ca ein gong i året. Klassekontaktane i kvar klasse rekrutterer foreldre frå sin klasse til å gå natteramn. Desse blir ført opp på ei liste som blir send til Klepp kommune v/ Karianne Kleppe. Nærare informasjon blir så send ut til dei som skal gå natteramn. 

Kort om det å gå natteramn:

Dei som går natteramn på fredagane, møter opp på AXIS kl. 2100 og går til ca. 2400. Det blir fylt ut eit kort rapportskjema før ein går heim. Natteramnane går i Klepp sentrum. Alle får ei orientering om det å gå natteramn får ein går ut.

Natteramnane som går på Bryne på laurdagane møter opp på Jæren hotell kl. 2300, der dei får orientering av politiet.Går rundt i Bryne sentrum til ca kl.03.00. 

Skulle det vere spørsmål om natteramn-ordninga kan de ta kontakt med fritidsavdelinga ved Guro Halvorseth Time eller Ulf Ludvigsen.