Ledige stillingar

Velkomen til å søkja stilling elektronisk!
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Slik går du fram for å søkja på ei stilling:

Klikk på lenka over for å få fram dei til eikvar tid ledige stillingane. Her får du informasjon om stilling, stillingsnummer og søknadsfrist.

Vil du søkja på ei stilling klikkar du på Send søknad for å koma over til elektronisk søknadskjema. Du kan velja om du ønskjer å registrera deg som brukar ved å logga deg inn. Fordelen er at du då kan lagra søknaden, henta han fram igjen i søknadsbanken og senda søknaden når du er ferdig. Eller du kan bruka informasjonen du har lagt inn ved eit seinara høve, for eksempel til søknad på ei anna stilling (Til søknadsbanken).

Velg stilling og fyll ut søknadsskjemaet så nøyaktig du kan. Du får rettleiing undervegs i skjemaet. Den elektroniske søknaden sender du til Klepp kommune ved å klikka på Send inn.

Merk at:
Du ikkje skal senda vitnemål og attestar. Dette ber vi deg ta med ved eit eventuelt intervju.

Du kan vera sikker på at Klepp kommune har mottatt søknaden din når du har fått kvittering frå postmottak@klepp.kommune.no
Kvitteringa blir sendt til e-postadressa som du har oppgitt i søknadsskjemaet.
 
Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår. Det vert lagt vekt på at personen er eigna for stillinga.
 
Alle som vert tilsett i butiltak for psykisk utviklingshemma og i arbeid med barn må leggja fram gyldig politiattest.