Fritidskontakt- og ledsagerteneste

Fritidsavdelinga administrerer fritidskontakt og ledsagerteneste for funksjonshemma.

Kva er ein fritidskontakt?

Ein fritidskontakt er ein person med tilknyting til eit lag/organisasjon/gruppe, som tek imot løn for å leggja til rette, hjelpa og følgja opp funksjonshemma brukarar som ønskjer å delta i den aktuelle fritidsaktiviteten.

 

Funksjonshemma kan søkja om fritidskontakt når ein ønskar å starta med ein fast fritidsaktivitet der ein treng hjelp for å delta.

 

I motsetning til ein støttekonakt, er fritidskontakten si oppgåve retta mot å leggja til rette for deltaking i faste fritidsaktiviteter. Støttekontaktar kan ha meir utvida ansvar i forhold til sosial trening og liknande enn det som er tilfelle for fritidskontaktane. Støttekontaktordninga blir administrert av sosialkontoret.

 

Kva er ein ledsager?

Ein ledsager er ein person som er tilsett for å vera med funksjonshemma ut. Ledsager kan funksjonshemma få ved å ta kontakt med fritidsavdelinga i god tid, minst 24t før dei skal ut på tur/arrangement e.l.

Ledsageren deltek saman med brukaren på det aktuelle arrangementet (kino, små turar og ferie).