Coop Pollestad

Offentleg ettersyn

Hovudutval for lokal utvikling vedtok i møte den 25.01.2011, sak 16/11 å legge reguleringsplan for Coop Klepp, avdeling Orre med tilhøyrande bestemmelsar, begge datert 10.01.11 ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget er ein detaljplan. Planen viser oppføring av nytt bustad- og forretningsbygg med landbruksavdeling i underetasjen, daglegvarebutikk i 1. etasje samt 16 leilegheiter på nordsida av fv 216 Pollestadvegen. Eksisterande forretningstomt på sørsida av Pollestadvegen samt tilleggsarealet vestover vert omregulert frå (dagens) forretningsareal til bustadføremål.

Planforslaget med alle vedlegg kan og sjåast i ekspedisjonen til lokal utvikling på rådhuset.

Synspunkt/merknader kan sendast til postmottak@klepp.kommune.no eller Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe, innan 06.04.11.

Alle merknader blir referert og kommentert i saksutgreiinga til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret, og det er derfor ikkje vanleg å gje skriftleg tilbakemelding til den enkelte.

Vi ber om at eventuelle leigetakarar blir informert om planarbeidet. 

Sjå vedlegg til saka her:

Plankart

Reguleringsbestemmelsar

Utskrift av førstegongsbehandling

Planbeskrivelse og innkomne merknader

Rosanalyse Klepp prosjektering

PlanROSvurdering

Sol og skyggeutgreiing

Fasadeteikningar

Situasjonsplan