Coop Klepp, avdeling Orre

Vedteken reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 20.06.2011, sak 36/11, vedteke reguleringsplan for Coop Klepp, avdeling Orre med tilhøyrande bestemmelsar.

Kommunestyrevedtak
Reguleringsplan
Bestemmelsar
Illustrasjonsplan

Melding om vedtak vart kunngjort i Jærbladet 05.09.11.

Forslag til plan med føresegner var lagt ut til offentleg ettersyn 23.02 – 06.04.11. Offentleg ettersyn vart varsla i annonse i Jærbladet den 23.02.11. Offentlege instansar, grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 21.02.11.

Kommunestyrevedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.