Bustadområde B8, Haugabakka Vest

Kunngjering av vedteken reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Klepp kommunestyre i møte den 21.11.2011, sak 68/11, vedteke reguleringsplan for B8, Haugabakka vest, med tilhøyrande bestemmelsar.

Reguleringsplan
Reguleringsbestemmelsar
Vedtak i kommunestyret

Melding om vedtak vart kunngjort i Jærbladet den 07.03.12.

Forslag til plan med føresegner var lagt ut til offentleg ettersyn 01.06 – 15.07.11. Offentleg ettersyn vart varsla i annonse i avisa den 01.06.11. Offentlege instansar, grunneigarar og naboar vart varsla med brev datert 30.05.11.

Kommunestyrevedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Rogaland innan tre veker frå kunngjeringsdato. Eventuell klage må setjast fram skriftleg og sendast til Klepp kommune. Når det gjeld framsetting av klage vert det vist til kap 6. i forvaltningslova. Kommunen har etter forvaltningslova plikt til å rettleie ved eventuell klage.