Skjønnsnemnd i forpaktingssaker 2007 - 2011
Beskrivelse:

Hovudutval for lokal utvikling sak 70/08, 10.06.08

Forpaktingslova § 11 seier at "Det skal haldast skjønn til opplysning om kva tilstand eigedomen er i både når forpaktinga blir tiltrådt og når ho blir fråtrådt. Har partane ikkje avtala noko anna, blir skjønnet halde av eit utval på tre medlemmer som blir valt av kommunen… Skjønnsmennene bør så langt råd er vere dei same ved dei to skjønna. ..."

I samband med forpaktningsskjønn har det berre unntaksvis at partane nytta seg av eigenoppnemnde skjønnsmenn. Det vanlege er at ei "kommunal" skjønnsnemnd har vore nytta.

Det er ein fordel at skjønnsmenn har lang virketid. Det at dei får erfaring, er til fordel både for partane og skjønnsmennene sjølv. Røynde skjønnsmenn, som veit kva dei skal sjå etter og som nedfeller dette i skjønna, kan truleg virka konfliktførebyggjande. Forpaktingslova legg også opp til lang virketid, då det heiter at skjønnsmennene bør så langt som råd er vere dei same ved dei to skjønna.

Partane i ei forpaktingssak betaler det skjønnet kostar. Dersom skjønnsnemnda er kommunal, får skjønnsmennene ei kommunal godtgjering, som er ei lønsinntekt. Dersom dei skal opptre som "frittståande," må godtgjering med mva krevjast inn av skjønnsmennene og rekneskapsførast som ei ordinær inntekt.

Ivar Ueland, Arvid Storhaug og Jan Egil Øksnevad har fungeret som kommunal skjønnsnemnd i forpaktingssaker i forrige periode og er valde ut inneverande valperiode.

Henvendelse ved forpaktingsskjønn:
Klepp kommune v/landbrukskontoret, tlf 51429890








 

Medlemmer


Ivar Ueland
Arvid Storhaug
Jan Egil Øksnevad

 

Skjul detaljer for Redaksjonell håndtering:Redaksjonell håndtering:


Ansvarlig redaktør:


Wigdis B. Detlie


Sist oppdatert:

07/23/2008 av Wigdis B. Detlie