Klepp Boligstiftelse 2004-2007
Beskrivelse:
F sak 32/04

Klepp Boligstiftelse blei oppretta ved kommunestyrevedtak i 1988. Formålet var å byggja husvære for vanskelegstilte bustadsøkjarar. Husbanken stilte rimelege lån til disposisjon til dette, men det var eit krav at det blei organisert som ein stiftelse.

Klepp Boligstiftelse fekk kort tid etter bygd ein bustad, Fiolvegen 1, med 6 husvære, 3 av desse er små. I praksis har desse husværa vore drivne som kommunale husvære, men noko meir tungvint då ein mellom anna må ha eige styre og eige revidert rekneskap for stiftelsen.

Kommunestyret vedtok i 2000, å søkja om oppheving av Klepp Boligstiftelse. Fylkesmannen avslo slik oppheving, og etter klage stadfesta Justisdepartementet avslaget i brev av 17. juli 2001.

Stiftelsen har vore inni vurdering av eit par ny prosjekt, men ein har ikkje gått vidare med nokon av dei.

Ein har lagt opp til så enkel administrasjon av stiftelsen som råd. Frå 2001 har rådmannen vore styreleiar, med sosialsjef og ein frå bebuarane som medlem. Det har vore eit styremøte pr år og det blir ikkje utbetalt godtgjersle.

Rådmannen tilrår at nåverande ordning held fram. Det har ikkje lukkast å få varamedlem for bebuarane sin representant.

Vedtak:

Til styret for Klepp Boligstilftelse blir følgjande valde:

Rådmann Ivar Undheim, leiar Varamedlem: Driftsleiar Thorvald Pollestad

Sosialsjef Gunvor W. Holmen Varamedlem: Kommunalsjef Kåre Bøen

Arne S. Ommundsen (Representant for leigetakarane)

Valet gjeld fram til 31.12.07







 





Skjul detaljer for Redaksjonell håndtering:Redaksjonell håndtering:


Ansvarlig redaktør:


Wigdis B. Detlie


Sist oppdatert:

06/19/2006 av Simon Dreyer