Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook  

Eg treng råd
  • Language

Tenester til flyktningar

På denne sida finn du informasjon om tilbod og tenester som er spesielt retta mot deg som er flyktning og busett i kommunen etter avtale med IMDi.

Regjeringa sine nettsider om integrering og mangfald

Kontakt

Flyktningetenesten i Klepp:

Telefon: 51 78 43 60

Adresse: Austvegen 46, 4341 Bryne

 

Bu i Klepp

Flyktningar blir busett etter avtale mellom kommunen og IMDi.

Introduksjonsordning

Som nykomen flyktning i Klepp kan du ha rett og plikt til å delta i kommunen sitt introduksjonsprogram:

Regjeringa si nettside om introduksjonsprogram

I nokre tilfelle vil også familiegjenforeina ha rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram.

Kontakt Flyktningetenesta for vurdering av rett og plikt til deltaking.

Mål med introduksjonsprogrammet

  • Tiltak som førebur til å forsørga seg sjølv via arbeid eller utdanning
  • Økonomisk uavhengighet

Stønad under introduksjonsprogrammet

  • Deltaking i programmet gir rett til introduksjonsstønad.
  • Stønaden utgjer to gonger folketrygda sitt grunnbeløp på årsbasis.
  • Deltakarar under 25 år mottek 2/3 stønad.
  • Stønaden er skattepliktig.

Norskopplæring

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, flyktningar og asylsøkarar går føre seg på

Bryne kompetansesenter

Påmelding til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere sendes til Time kommune.

Søknad om fritak fra plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap fås ved henvendelse til Time kommune.

Flyktningguide

Oppgåva til ein flyktningguide er å orientera deg om samfunnet du har busett deg i og å vera til hjelp og støtte i å praktisera norsk språk. Flyktningguiden arbeider på frivillig basis.

Tolketenester

Viss du har manglande norskkunnskapar, har du krav på tolk i møte med kommunale tenester. Det er tenestestaden som bestiller og betaler tolken. Du kan ikkje sjølv bestilla tolk.

Tolkinga føregår på telefon, eller ved at tolken møter opp personleg til samtalen.

Tolken har teieplikt og skal vera kvalifisert.

Arbeid i Noreg

Ønsker du å arbeide i Noreg? Her finn du informasjon som er utarbeidd av offentlege instansar:

workinnorway.no

Flyktningetenesta

Besøksadresse:

Austvegen 16
4341 Bryne