Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Tenester til flyktningar og innvandrarar

På denne sida finn du informasjon om tilbod og tenester som er spesielt retta mot deg som er flyktning, innvandrar eller minoritetspråkleg. Dette kjem i tillegg til ordinære tenester og tilbod.

Regjeringa sine nettsider om integrering og mangfald

Bu i Klepp

Flyktningar som ønsker å bu i Klepp, skal ta kontakt med integrerings- og mangfoldsdirektoratet IMDI, ikkje kommunen eller NAV. Flyktningar blir busett etter avtale mellom kommunen og IMDI.

Introduksjonsordning

Som nykomen flyktning i Klepp kan du ha rett og plikt til å delta i et introduksjonsprogram:

Regjeringa si nettside om introduksjonsprogram

I nokre tilfelle vil også familiegjenforeina ha rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram.

Kontakt NAV for å delta i introduksjonsprogrammet

Mål med introduksjonsprogrammet

  • Deltaking i programmet gir rett til introduksjonsstønad.
  • Tiltak som førebur til vidare opplæring eller jobb
  • Økonomisk uavhengighet

Stønad under introduksjonsprogrammet

  • Deltaking i programmet gir rett til introduksjonsstønad.
  • Stønaden utgjer to ganger folketrygda sitt grunnbeløp på årsbasis.
  • Deltakarar under 25 år mottek 2/3 stønad.
  • Stønaden er skattepliktig.

Norskopplæring

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, flyktningar og asylsøkarar går føre seg på

Bryne kompetansesenter

Flyktningguide

Oppgåva til ein flyktningguide er å orientere deg om samfunnet du har busett deg i og å vere til hjelp og støtte i å praktisere norsk språk. Flyktningguiden arbeider på frivillig basis.

Tolketenester

Viss du har manglande norskkunnskapar, har du krav på tolk i møte med kommunale tenester. Det er tenestestaden som bestiller og betaler tolken. Du kan ikkje sjølv bestille tolk.

Tolkinga føregår på telefon, eller ved at tolken møter opp personleg til samtalen.

Tolken har teieplikt og skal vere kvalifisert.

Arbeid i Noreg

Ønsker du å arbeide i Noreg? Her finn du informasjon som er utarbeidd av offentlege instansar:

workinnorway.no

NAV

Besøksadresse:

Olav Hålandsveg 2
4352 Kleppe

Telefon: 55 55 33 33