Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Tilrettelagt bustad

Barnebustad

Barnebustadstilbodet held til i Sirkelen. Me tilbyr heildøgns omsorg til barn med omfattande omsorgs- og oppfølgingsbehov. Barnebustaden har eit tett samarbeid med foreldra.

Barnet bur som hovudregel i barnebustaden fram til det fyller 18 år. 

Henvend deg til seksjon for avlasting og barnebustad.

Butilbod for personar med utviklingshemming

Klepp kommune har ulike buformer for personar med utviklingshemming:

  • Samlokaliserte og frittliggande husvære for personar som har ulike behov for tilrettelagte tenester frå kommunen 

Buform er avhengig av den enkelte sitt funksjonsnivå.

Butiltak for personar med psykiske vanskar.

  • Omsorgshusvære samt fellesområde med kjøkken og stove og personalkontor. Målet er å trene på å bu i eigen bustad. Klare å bu i eigen bustad etter kvart. Har du spørsmål kan du ta kontakt med seksjon psykisk helseteneste.
  • Husvære og ein personalbase med bemanning 24 timar i døgnet. Har du spørsmål kan du ta kontakt med seksjon psykisk helseteneste.

Søknadskjema

 

I tillegg har kommunen kommunale utleigebustader for dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden.