Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Sjukeheim/institusjon

Sjukeheimar i Klepp kommune

Kleppheimen - Prestevegen 12, 4352 Kleppe, Tlf: 51 42 96 17

Sirkelen sjukeheim - Olav Hålandsveg 8, 4352 Kleppe, Tlf: 51 78 44 10

Kleppetunet bukollektiv - Olav Hålandsveg 6, 4352 Kleppe, Tlf 51 42 96 92

 

Akuttopphald i institusjon

Akuttopphald er eit ikkje planlagt opphald i institusjon. Situasjonen som har oppstått er for omfattande for heimesjukepleien, men det er ikkje påkravd med sjukehusinnlegging. 

Vilkår:

  1. Det må foreligge ein akutt fysisk, psykisk eller sosial helsesvikt hos brukar eller ein akutt situasjon i heimen. Som hovudregel skal det etter diagnostisering eliminerast sjukehusinnlegging. Lege og heimesjukepleiar må vurdere innlegging som rett teneste og at det er uforsvarlig å vente til neste møte i inntaksteamet. I spesielle tilfelle kan heimesjukepleiar legge inn utan at lege er kontakta.
  2. Søkar må ha eit akutt behov for observasjon av sjukdomsutvikling og/eller medikamentell behandling.
  3. Søkar må bu eller opphalde seg i Klepp kommune.

Det er ikkje krav om søknad før innlegging.

Avlastingsopphald

Tenesta er lovpålagt og kan gis til personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsarbeid for barn, vaksne eller eldre familiemedlemmer.

Foreldre har plikt til å dra omsorg for sine barn. Tenesta vert tildelt der omsorgsoppgåvene klart overstig kva som kan ventast i forhold til andre på same alderstrinn.

Tenesta skal motverke slitasje og redusert livskvalitet hos omsorgspersonar/familiar med særleg tyngande omsorgsarbeid, slik at familierelasjoner, sosialt nettverk og deltaking i arbeidslivet kan oppretthaldast.

Tenesta skal gi moglegheit for regelbunden fritid og ferie, i tillegg til tilgang til vanlege samfunnsgode og aktivitetar. Omsynet til andre familiemedlemmer skal vektleggast.

Avlasting kan gis i privat heim eller i institusjon. Kommunen vurderer kva avlastingstiltak det kan gis tilbod om. Tiltaket blir sett i samanheng med andre hjelpetiltak.

Vilkår:

  1. Den som yter omsorg, må ha så omfattande oppgåver at det er behov for avlasting for at vedkomande skal få nødvendig fritid og ferie.
  2. Når det gjeld barn, må omsorgsoppgåvane gå ut over det som er normalt for barn på same alder.
  3. Søkar må ha same bustadadresse som den som treng omsorg.
  4. Søkar må bu i Klepp kommune

Korttidsopphald

Eit korttidsopphald er eit avgrensa opphald med ei klar målsetting for opphaldet. 

Vilkår:

  • det må føreligge fysiske, psykiske eller sosiale grunnar til at søkar har behov for ein buform som gir heildøgns omsorg og pleie i eit forventa tidsrom
  • søkar må bu i Klepp kommune

Korttidsopphald er også eit tilbod om intensiv omsorg og lindrande behandling i siste fase av livet.

Eigensøknad eller førespurnad frå sjukehus.

Unntak: Dersom søkar har demens/kognitiv svikt, dokumentert manglande samtykkekompetanse, andre forvirringstilstandar, eller er psykisk utviklingshemma, kan den som er oppnemnt som næraste pårørande skrive under på søknaden. Dette unntaket gjeld dersom det ikkje er oppnemnt verje, evt. hjelpeverje med mandat til dette føremål eller i si alminnelegheit.

Pris for korttidsopphold: Se egenbetalingssatser

Langtidsopphald

Langtidsopphald er eit opphald som blir tildelt på bestemt eller ubestemt tid. Tildeling skjer dersom omsorgsbehovet er så stort at tenestene ikkje kan gis i heimen.

Vilkår:

  1. Det må føreligge fysiske, psykiske eller sosiale grunnar til at søkar har behov for ei buform som gir heildøgns omsorg og pleie.
  2. Andre aktuelle hjelpetiltak er utprøvd eller vurdert.

Pris for langtidsopphald

Betaling for langtidsopphald vert utrekna ut på følgende måte:

  • 75 % av inntekt inntil folketrygdens grunnbeløp, fråtrukke eit fribeløp
  • Fribeløpet blir fastsett av departementet, og utgjer for tida 7250 kroner pr. år (pr.01.01.15)
  • 85 % av inntekter ut over folketrygda sitt grunnbeløp, inkludert renteinntekter og anna formuesinntekt.

Les meir om korleis eigenbetalinga vert utrekna: Forskrift om eigenandel for helse- og omsorgstenester kap.1§3

Unntak: Dersom søkar har demens/kognitiv svikt, dokumentert manglande samtykkekompetanse, andre forvirringstilstandar, eller er psykisk utviklingshemma, kan den som er oppnemnt som næraste pårørande skriva under på søknaden. Dette unntaket gjeld dersom det ikkje er oppnemnt verje, ev. hjelpeverje med mandat til dette føremål eller i si alminnelegheit.

Rehabiliteringsopphald

Eit rehabiliteringsopphald er eit tidsavgrensa opphald med ei klar målsetting og tverrfaglege og koordinerte tiltak.

Vilkår:

  1. Det må føreligge eit rehabiliteringspotensiale.
  2. Motivasjon for rehabilitering hos søkar.
  3. Søkar må vere busatt i Klepp kommune.

Pris for korttidsopphold: Se egenbetalingssatser

Vekselopphald

Ved tildeling av vekselopphald gis det tilbod om eit gjentakande opphald i institusjon. Lengde og hyppigheit av vekselopphaldet vert tildelt individuelt.

 Vilkår:

  1. Det må føreligge fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt
  2. Førebygge behov for langtidsopphald
  3. Søkar må vere busett i Klepp kommune

Søknadsskjema

Søknadsskjema for alle opphold

Egenbetalingssatser

Jæren Øyeblikkelig hjelp

Info

Kontaktinformasjon for SUS

Info

Sirkelen

Besøksadresse:

Olav Hålands veg 6
4352 Kleppe

Telefon: 51429800

Kleppheimen

Besøksadresse:

Prestevegen 12
4352 Kleppe

Telefon: 51429800

Kleppetunet Bukollektivt

Besøksadresse:

Olav Hålands veg 6
4352 Kleppe

Telefon: 51429800