Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Støttekontakt

Kven kan søke?

Du som treng motivasjon eller tilrettelegging for å delta i sosialt samvær og få ei meiningsfull fritid.

Både barn, ungdom og vaksne som bur i Klepp kommune, kan søke om støttekontakt. 

  • Barn, unge og vaksne med:
  • Psykiske problem
  • Funksjonshemming
  • Innvandrarar som er ukjende med det norske samfunnet
  • Familiar med samansette problem
  • Rusmiddelproblem

Vilkår

  • Søkaren må ha fysiske, psykiske eller sosiale problem.
  • Søkaren må ha eit målretta ønske i høve til bruken av støttekontaktordninga.
  • Søkaren må trenge hjelp og støtte til å skape eller halde ved lag eit sosialt nettverk og fritidsaktivitetar.
  • Dei som bur heime hjå foreldra vil verte prioriterte.
  • Barn over 7 år vil verte prioriterte.
  • Søkarar som ikkje greier å nytte seg av resten av dei fritidstilboda kommunen tilbyr, vil verte prioriterte.
  • Søkaren må kunna nytte seg av ein ufaglærd støttekontakt.

Beskrivelse av tenesta

  • Du får tildelt eit visst antall timar per veke. Du og din støttekontakt avtaler kva timane skal innehalde.
  • Det er ofte privatpersonar utan ein spesiell fagbakgrunn som er støttekontaktar.

Pris

  • Tenesta er gratis

Søk om støttekontakt