Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook

  • Language

Startlån og etableringstilskot

Startlån

Kommunalt startlån skal bidra til at personar som har problem med å etablere seg på bustadmarknaden sjølv, skal få muligheit til å etablere seg i nøkterne og gode bustader. Ingen har krav på startlån. Kommunen har avgrensa midlar for tildeling av startlån.  

Skjema for startlån

Kven kan søke om startlån?

  • økonomisk varig vanskelegstilte
  • einslege forsørgarar
  • barnefamiliar
  • personar med nedsett funksjonsevne
  • flyktningar

Føresetnad for å få startlån

  • Du må først søke lån i privat bank. Dette må dokumenterast.
  • Du må ha høg nok varig, fast inntekt til å kunne betjene lånet.
  • Samla lån på bustaden må vere innafor bustaden sin verdi.
  • Lånet blir gitt kun med pant i bustaden.

Kva kan du søke startlån til?

  • Kjøp av nøktern bustad som er tilpassa husstanden sitt behov for bustad.
  • Refinansiering av dyre bustadlån i spesielle saker, dersom det er fare for å miste bustaden, og det er pant i bustaden.

Startlån kan gis i kombinasjon med

  • Bustadlån/grunnfinansiering i din private bank.
  • Grunnlån i Husbanken.
  • Eigenkapital.
  • Tilskot til etablering, til dei mest vanskelegstilte. 

 

PRIS

Startlån blir gitt som eit annuitetslån med 20 års nedbetalingstid utan avdragsfri periode og med månadlege terminar. 

Slik søker du om startlån

  1. Fyll ut søknaden om startlån og signer denne: skjema for startlån.
  2. Finn fram naudsynt dokumentasjon og legg ved søknaden.
  3. Lever søknaden og dokumentasjonen til din lokale bank.
  4. Banken vurderer lån til grunnfinansiering ut frå di betalingsevne. 
  5. Legg ved kredittrapport/finansieringsbevis til søknaden og send inn til kommunen.
  6. Saksbehandlar i kommunen vil vurdera ditt behov for startlån og evt. tilskot ut frå søknad og vedlagte informasjon. 
  7. Hugs å legge ved all dokumentasjon. Søknaden kan ikkje behandlast før all dokumentasjon er motteken. 

Kommunen samarbeidar med dei lokale bankane. Klepp kommune kan gje deg råd og rettleiing (sjå kontaktinformasjon ovanfor). 

Tilskot til etablering

Enkeltpersonar og husstander som har varig låg inntekt, og som ikkje er i stand til å betjene fullt lån til eigen bustad, kan få tilskot til å etablere seg. På grunn av begrensa med midlar til dette, er ordninga sterkt behovsprøvd. Bare dei aller mest vanskelegstilte kan få tilskot. 

Tilskot til tilpassing

Dette er eit tilskot til deg som har ei nedsett funksjonsevne, og som treng økonomisk støtte til å bygge om bustaden for fortsatt å kunne bu der. Familiar med barn med nedsett funksjonsevne har høg prioritet. 

Kva kan du få tilpassingstilskot til?

  • Tilpasning av bustaden
  • Fysisk tilrettelegging
  • Oppussing blir ikkje prioritert 
  • Små tiltak kan og søkast om

Kommunen søker Husbanken om midlar, og desse blir vidareformidla. Beløpet kommunen har til disposisjon er avgrensa. 

Husbanken

Les meir om startlån og tilskot på Husbanken sine nettsider.

Rådhuset

Besøksadresse:

Solavegen 1
4352 Kleppe

Posadresse:

Postboks 25
4358 Kleppe

Telefon: 51 42 98 00