Sentralbord: 51 42 98 00 / epost

Facebook Facebook 

  • Language

Smittevern

Tuberkulosekontroll

Obligatorisk tuberkulosekontroll

Viss du kjem frå eit land som har mykje tuberkulose, og du skal opphalde deg meir enn tre månader i Noreg, må du kontrollere deg for tuberkulose.

Folkehelseinstituttet si oversikt over land med høg førekomst av tuberkulose.

Du må kontrollere deg for tuberkulose viss du:

  • jobber innan helse- eller barneomsorg og har vore på reise i nokon av desse landa meir enn tre månader
  • har jobba i helsevesenet i desse landa sjølv om opphaldet var kortare tid enn tre månader
  • jobber både i Noreg og utlandet over tid, då er det viktig at du tar tuberkulosekontroll regelmessig.

Folkehelseinstituttet si oversikt over grupper med plikt til tuberkulosekontroll

Folkehelseinstituttet sine temasider om tuberkulose

Forskrift om tuberkulosekontroll

Smittevernlova

MRSA - Meticillinresistente gule stafylokokker 

Har du i løpet av dei siste 12 mnd arbeidd i helsevesenet i utlandet eller vore innlagt på helseinstitusjon i utlandet? (Alle land utanom Norden og Nederland)    

Har du i løpet av dei siste 12 mnd. arbeidd eller vore innlagt på ei avdeling kor utbrot med MRSA er påvist eller der MRSA er endemisk i helseinstitusjonen?         

Har du tidlegare hatt infeksjon eller vore kolonisert med MRSA, og enno ikkje blitt erklært som smittefri?            

Dersom du kan svare JA på minst eitt av spørsmåla om MRSA, må du bli undersøkt for MRSA før du tek til i stilling i pleie- og omsorgsavd. eller før du kan leggast inn på eit norsk sjukehus.

MRSA-prøve tek du hjå fastlegen din.         

Når bør barn være heime frå barnehage og skule?

Barn som går i barnehage er meir utsatt for infeksjoner enn andre barn. Vanligvis avgjør barnets allmenntilstand om det bør vera heime frå barnehagen i ein periode, men for enkelte sjukdommer kan det vere nødvendig å bli heime utover dette for å hindre spredning av smitte til andre. Les meir.       

Influensavaksine

For enkelte av oss kan influensa vere farleg og gi alvorlege sjukdommar, og vi har definert risikogrupper som blir tilrådd å ta vaksina. Desse er:

  • Gravide i 2. og 3.trimester. Også gravide i 1.trimester bør ta vaksina om dei har medisinske tilstandar som gjer dei ekstra sårbare for influensa-infeksjon.
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
  • Personar over 65 år
  • Barn og vaksne med:

-         Diabetes mellitus, type I og II

-         Kronisk luftvegssjukdom (t.d. astma og KOLS)

-         Kronisk hjarte- og karsjukdom

-         Kronisk leversvikt

-         Kronisk nyresvikt

-         Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

-         Nedsett infeksjonsforsvar

-         Særs alvorleg fedme med BMI >40

-         Anna alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege

 I tillegg tilrår ein influensavaksine til følgende grupper

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstand-medlemmar til pasientar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar